Ørjan fortel

Sønstabøvågen  9. april 1940 

– etter intervju med Ørjan Ørjansen (1920–2011) våren 2007

Folket på Sønstabø fekk eit tidleg og dramatisk møte med den andre verdskrigen. Ørjan minnest at i 5-6 tida om morgonen denne dagen vakna folket på garden ved at dei høyrde vedvarande flydur. Dette var før folk gjennom radio eller på anna vis hadde fått nyss om den tyske invasjonen.

Johan Mehus var ein av fleire som var tidleg oppe og tok flyaktiviteten i augnesyn. Huset hans på Trenå låg høgt og gav godt utsyn mot himmelrommet. Han merka seg eit fly som kom nordfrå – truleg frå Bergen på veg mot Sola. Det var fleire ting ved flyet som kunne tyda på at noko var gale. Brått såg han flyet styrta i havet. Med ein gong skunda han seg ned til naustet og fyrte opp båtmotoren. Han fekk sønene Hartmann og Olav med seg i båten, og dei la på veg mot plassen der han såg flyet styrta. Då dei kom fram, fann dei ein person flytande i sjøen – truleg takk vera at han hadde flytevest. Dei greidde å få mannen om bord i båten, stiv av kulde og krampe; han snakka ikkje norsk.

Vel framme ved kaien i vågen vart mannen teken på land. Ryktet må ha spreidd seg for fleire hadde då samla seg på vågakaien. Gamle Endre Ørjansen var der og spurde om nokon hadde kniv. Det var det ingen som hadde, så han gjekk inn i den norda buo og fann seg ein stuttorv. Då Ørjansen kom med ljåen, lyste redselen i augo til den framande. Men han roa seg då han forstod at Ørjansen berre ville få av han redningsvesten og dei våte kleda. Då han skar laus delar av ytterkleda, fall det ut ein portemone med hakekors på. Då gjekk det opp for folk kor denne framandkaren kom frå.

Den forkomne mannen vart boren inn i huset til Arne Meling. Derfrå vart det sendt bod på dr. Hus. Hus var i tillegg til å vera lege også tyskkunnig. Han prøvde å spørja tyskaren ut om kva som hadde hendt og kvifor han var her. Men mannen var ikkje villig til å gi svar på nokon ting. Dei sende då bod på lensmannen. Han var snar om å komma og tok avgjerd om at mannen måtte fraktast til Leirvik for å setjast i arrest. Arne Meling sørgde for at pasienten fekk på seg nye og tørre klede for reisa.

Då reisefølgjet kom fram til Leirvik, fann dei at tyske styrkar alt var komne dit slik at nokon arrestasjon ikkje kom på tale. Pasienten var teken hand om av sine eigne. Arne Meling sa ofte i ettertid at han angra på at han gav tyskaren den gode dressen.

I veka etterpå vart to lik frå same flyet funne i fjøresteinane på Geitung. Gamlelensmannen kom med dei og tok dei i land i Sønstabøvågen. Ørjan minnest at han var med og bar lika, hengjande i stropper frå staurar, opp til den gamle kolerakyrkjegarden i mehusmarka. Der vart dei gravlagde i det søraustre hyrna, nedom treet. Ørjan hugsar at gamle Helga Mehus kom og la ei rose i kvar av gravene. Dette var det ikkje alle blant gardsfolket som tykte vel om.

Om lag to år etter – Ørjan meiner det var i 42, kom det ei gruppe tyskarar, godt skjenkte, for å henta lika. Dette var ein vinter med enormt mykje snø. Dei hadde med seg ei handkjerre som dei skulle frakta kistene på. Men på grunn av den djupe snøen, fungerte kjerra dårleg. I staden vart kistene nytta som kjelkar og dregne ned mot vegen. Gamle Ørjansen frakta så kistene med motorbåten sin til Mælandsvågen. Derfrå for dei med ”dampen” til Bergen der tyskarane vart gravlagde på nytt.

Vinteren 1942 vert hugsa av gardsfolket også fordi det var ein av dei kaldaste vintrane i manns minne. I tillegg til dei store snømengdene, minnest Ørjan ein sundagskveld då termometeret viste 25 grader minus, og attpåtil nådde vinden kulings styrke. Sjølv forfraus han øyrene den kvelden av di han hadde gløymt sydvesten. Heile Sønstabøvågen var frosen over lengre tid – heilt ut til norda sundet. Gamle Ørjansen måtte denne vinteren finna lending til motorbåten sin i Mannavikjo.

Bjørn Meling
(des. 07)

Forliset ved Kattegatt

– etter intervju med Ørjan

Båten det her er tale om, ”Sognefjord I”,  var ei skøyte som tyskarane hadde rekvirert under krigen og som var utstyrt med ein to-sylindra Wichmann på 70HK.

Ørjan minnest at han og faren ein vårdag i april 1943 var ute og spadde ein potetåker. Medan dei arbeidde, vart ein av dei var noko som likna på eit naudsignal vest i havet. Dei gjekk opp i ein haug nett ved åkeren, og då såg dei at det låg ei skøyte og rek rett utanfor Guleboane.

Dei gjekk straks til sjøen, tok med seg ein lang kveil tau og rodde med færingen ut på Humrahavet (vest for Longholmen). Der fann dei at skøyta alt hadde reke innanfor Guleboane og såleis var utanfor redning. Etter som det var veldig tung sjø, såg dei seg ikkje syn med å ta seg bort til båten. I staden rodde dei inn på innsida av Longholmen. 

Framme ved Gulo såg dei at båten no var blitt kasta rett mot steinane i passasjen som blir kalla Kattegatt, mellom Gulo og Longholmen. Dei observerte også at tre menn alt hadde kome seg på land på Gulo. Ein av dei hadde greidd å ta seg på land først,  og med hjelp av eit tau makta han å dra to av dei andre opp etter seg. Ein fjerde låg att på berget nedanfor og såg ut til å vera mykje skadd.

Etter fleire forsøk greidde Ørjan å kasta tauet dei hadde med bort til mennene på holmen. Han gjorde teikn til dei om at dei måtte festa snøret om livet. Første mann ut i sjøen var den skadde personen. Deretter vart dei tre andre dregne ut, ein etter ein. Etter ein del strev var alle fire trygt om bord i færingen. Dei vart så tekne på land i Sønstabøvågen. Jonas Nordtun fyrte opp motorbåten og tok dei med til det tyske vaktmannskapet på Hiskjo. Skøyta vart liggjande og slå mot steinane.

Nokre dagar seinare, etter at vêret hadde løya, tok Ørjan og Johannes på Trenå seg ut for å kikka. Dei fann at båten var full av våpen og utstyr, men dei torde ikkje ta noko – bortsett frå eit etui med kjede til å pussa geværløpet med. Seinare tok vinden seg opp att, og båten blei knust. Ein del vrakgods vart plukka opp av folk, men den tunge motoren ligg den dag i dag på innsida av straumen, på om lag 12 fots vatn.

Ei tid seinare fekk Ørjan og faren besøk av ein mann som bad dei skriva under på ei fråsegn om at dei hadde redda livet til fire tyskarar. Dei forstod dette skrivet var meint å bli brukt som argument for å få frigitt norske fangar i Tyskland. Så vidt Ørjan veit, førde det ikkje til noko.

Bjørn Meling
(des. 07)

Biletet er henta frå Erik Bakkevig: Skipsforlis i Bergensleden – Fra Bømlahuk til Holmengrå, 2005

Eit forlis på øklandslandet

Det var i 1909 – eller kanskje i 10, at ei skute havarerte på øklandslandet. Skipet kom for nær kysten, miste høgd og tok seg inn nordom Måksteidn. Dei freista å ankra opp, men kjettingen rauk då han song opp, skuta rak mot land og vart sidan knust – mannskapet berga seg.

Frå vraket vart material og inventar selt til folk på bygda. Dei kjøpte om dagen og stal om natta, vart det sagt. I gamlahuset vårt på Nordtun, seier Ørjan, er det materialar frå denne skuta, prima golvbjelkar mellom anna. Sven i Vågen fortalde at i kjellaren hans står eit skap frå havaristen, som Klara hadde med seg frå Brekke.

tm95

PS
På side 23 i Erik Bakkevig: Skipsforlis i Bergensleden (Hgsd. 2005) er omtalt eit havari like nord for Øklandsvågen 4. september 1907. Barken Arthur av Mandal totalhavarerte og gjekk ned, mannskapet berga seg. Truleg er Ørjan si forteljing relatert til denne hendinga.

Fiskeméd på sønstabølandet

 886 total views,  1 views today