Denne nettstaden vil samla kunnskap og tradisjonsstoff knytte til det området på Bømlo som utgjorde den gamle garden Brømnes. Då snakkar me om dei noverande gardane Nordtun, Mehus, Sønstabø og Hallaråker. Dei ligg på det som me – med historisk heimel, kanskje kan kalla Brømneset.

Det er lenge sidan no at gards- og ættesoga for Bremnes sokn vart skriven. Mange er det som etterlyser ei vidareføring av det arbeidet som den gongen vart gjort. Me som er dei siste som fekk namnet med i bygdebøkene, er i elding, det er difor på høg tid at me no avhendar til dei unge det tradisjonsstoffet me sit på, og som gjerne aldri før har fått skriftleg form.

Sønstabøvågen 31.03.2018
Torleif Meling

Loading