Granne

Maurits fortel

Endre Ørjansen

Endre Ørjansen (1879–1963) var frå Klubbo på Goddo. Som ungdom reiste han i utanriksfart på seglskuter og ferdast rundtom i verda. Turane var lange, så det kunne gå fleire år før ein såg heimlege trakter igjen. Seinare kom han ombod på dampskip og siglde mykje av tida på Kina. Han tok styrmannsskulen, og siglde som styrmann, ei tid saman med Bernt Svendsen som då var kaptein; det var her i Nordsjøbassenget.

På slutten av seglasen vart Endre gift med Serine, som sat ekkja på Laurhammar. Dei flytte då til Urangsvåg og budde ovanpå i snekkerverkstaden til Kristian Steinsbø. Det blir fortalt at om vinteren så bada han mellom isflaka der i vågen. 

So vart jorda til Hus’n på Nordtun seld på auksjon og Ørjansen kjøpte henne for 12 000 kroner – trur eg han gav. Dette var i byrjinga av 30-åra. No kom han heim og slutta heilt med sjølivet, kjøpte seg reiskapar, sette opp uthusa og bygde nytt vedahus og naust. Slåmaskinen drog han heim frå Sønstabøvågen åleine, så det var kraft i karen.

Han laga seg til med liner, teiner, garn av alle slag, og så torskarusene då. Han var åleine som dreiv torskefiske. Det føregjekk utover hausten, og over jul til dess det byrja bli kaldt i sjøen og torsken søkte andre forhold. Eg var med han enkelte gonger, og du verden kor mykje torsk han fekk! Store kjemper av raudtorsk og gråtorsk, og ein gong eg var med han, fekk han ein oter i rusa innmed Fylkesneset. Han hadde lending i Midtøyno og eit lite skur for oljekleda der, når han fiska austaføre. Han fangsta frå Straumfjorden og innover til Ådnanes, sør rundt Litlehiskjo og utover til Gardvikeosen når han var der inne.

Eg huskar ei litle julaftan han kom og spurde mor om eg kunne vera med han og dra ruser. Det var ein sur dag med vadlasletta og litt vind. Eg rodde, men keipsneva var so avrunda og små, og no når dei var glatte enda det med at eg ramla på ryggen i framskuten, men det gjekk betre etter kvart. Eg var også med han med liner på Kommeren, ein plass vestom Moksteinen. Der fekk me pigghå og kjempestore longer som fløtte lina, og desse store fiskane låg og flaut bortover sjøen; det var brosma òg. Med bakkagarn fekk me ein gong masse med småsei innfor Smånyvingane. Me skulle til Hiskjo og levera, men på vegen dit traff me Lauritz Klubben frå Hillesøy sør i Flagdasundet, og han kjøpte fisken. Dette var under krigen, og Klubben som var ein sånn illegal mann, skulle kanskje bruka fisken som kamuflasje i tenesta si?

Ørjansen var ein interessert tilhøyrar av talarane ved Speaker’s Corner, blir det fortalt. Her var det vel han fekk inspirasjonen til å kalla motorbåten sin «Eros» etter Eros-statuen på Piccadilly Circus i London? (Eros, kjærlighetens gud.)

Endre Ørjansen var kje noko jordainteressert, så jorda kjøpte han helst for kona si skuld. So var det ein fin dag dei var nett ferdig med å egna liner. Dei heldt til i norda naustet som ligg der i utemarka. Best det var fekk han sjå ei ku som ville laupa, då sa han: «La oss se å komme oss herifra før dette blir oppdaget, sedokker.»

Ein gong var me i Sevjadalen på torvarbeid. Me gjekk på bytesarbeid og brukte torvmaskin, me var seks-sju stykke som betjente den. Denne dagen var me hos Ørjansen. Det var godt torv i denne torvskòra, så det blei spadd til berget. Men so var det ein liten stein som følgde med, og den gjekk mellom botnen og skruen i maskinen og bende seg fast slik at skruen rauk. Då sa Ørjansen – han var visst lei dette arbeidet: «Sedokker, me får ta den sangen Halleluja, vår strid er endt.» Men me fekk tak i ein annan skrue, så arbeidet var kje endt med det.

Ørjansen var ein godgjerande mann som gjorde mang ei beina, så det er berre gode minne etter han. Eg var på krambua ein dag han kom og spurde om dei hadde bunnsmøring, og fekk til svar at dei ikkje hadde det. Då seier den gamle «– men Stomatol det har dokker».

Loading