Sjøen sitt kulturlandskap

Fiskeméd

Fiskeplads, Grund som er nøie bestemt ved visse Mærker paa Landjorden. Til god med  behøves tydelige Mærker, saasom Næs eller Bjærgtoppe, i to forskjellige Linier som danne en ret Vinkel med hinanden, saaledes at Baaden ligger i Hjørnet af denne Vinkel.  Slik definerer Ivar Aasens ordbok fiskemédet.

Dei gamle hadde mange méd for gode fiskeplassar, men – som rimeleg er – ville dei helst halda dei for seg sjølve. Det er såleis i strid med tradisjonell skikk å offentleggjera slike viktige løyndomar. Likevel tek me sjansen, for noko seier oss at fiskemédet, på same måten som gamle stadnamn, er eit utryddingstruga kulturminne. I dag nyttar ein andre hjelpemiddel i jakta på fisk og fiskeplassar, dei gamle siktelinjene for landkjenning vert gløymde.

Ørjan Ørjansen: Ymse fiskeméd på sønstabølandet

(Etter eit notat datert 18.03.2002)

Eit gammalt hyseméd utfor Brømsund 
Vest: Fyrlykta i Melingsvåg over Skarvaskjeret som ligg rett vest av Brømsundsholmen. Nord: Huset til Mauritz Sønstabø på sørspissen av Litle Brømsundsholmen. Du kan fiska i same vestlege medet sørover til tvers av Guleboane. Cirka 100 meters djupn.

Mælandsdjupet
– vest av Søra Svartøyno, ca. 100 m djupt. Varden på Brømsund over Guleboane, Sagvågsakslo i sørkant av Teistableikjo. Her kan ein fiska i retning mot Søra Svartøyno.

Stadl
Ei grunna med vestleg méd: Horshovda – ein bergnakke på austkanten av Søra Steinavikjo, over Stora Våtahåvet. Sør: Ei lita opning mellom nordre enden av Lyngsvoskjeret og søre enden av Flatøyno. Cirka 18 meters djup.

Svartøyfluo
Ein mykje brukt dorge- og harpeplass, særleg god paleplass. Vest: Fyrlykta ved Melingsvågen over Skarvaskjeret. Nord: Sagvågsaksla over nordkanten av Søra Svartøyno. 18 meter djupt.

Eit lineméd
Sør: Stornesvarden på toppen av Gulo. Vest: Goddestakken over Indreskjeret, som ligg litt aust for Klettesteinane. Det må vera straumstilt, i nordgåande straum hamnar ein på evja; ein kan setja line so langt ein vil i den retninga.

tm19

Loading