Gardsnamn

Om gardsnamnet Brømnes

Bremnes er eit soknenamn i Sunnhordland prosti og eit regionnamn i Bømlo kommune. Etter gamal tradisjon skal Bremnes opphavleg ha vore eit gardsnamn, det er temaet for denne artikkelen.

Me har munnleg tradisjon i ryggen, men kven har skrive om dette? Her er eit oversyn over kjende skriftlege kjelder:

Norske Gaardnavne av Oluf Rygh (1833–99) er framleis eit standardverk om norske gardsnamn.

Peter Hallaråker (1933–2011) har skrive artikkelen Gardsnamn frå Bremnes i Sunnhordland Årbok (SÅ) 1973, og boka Skjergardsnamn frå Bremnes (Universitetsforlaget, 1976).

I Bømlo bygdebok har Simon Steinsbø (1912–2001) leita fram historiske skrivemåtar for gardsnamna, elles nyttar han Hallaråker si namnegransking når han presenterer gardane.

Knut Robberstad (1899–1981) har hatt ord med i laget i artiklar i SÅ 1947 og 1974.

Sist er å nemna Anstein Lohndal (1926–2021) sin artikkel i SÅ 2003, Gardsnamn på -land i Sunnhordland.

Bremnesgarden
Oluf Rygh skriv dette om garden Nordtun:  104. Nordtun. *Norðrtún, den nordre Gaardpart (tún n., Indl. S. 82). Har vel opr. været Part af samme Gaard som GN. 105 og GN. 106.

Rygh sin tanke er at her fanst frå gamalt ein gard som seinare vart delt i tre: Nordtun, Mehus og Sønstabø. Peter Hallaråker meiner denne garden heitte Bremnes – opphavleg Brømnes. Han stør seg til munnleg tradisjon – særleg etter Jens Jensen Sortland d e (1865–1962) – og analyse av dei tre „nye“ gardsnamna. Desse gardsnamna har Steinsbø dokumentert tilbake til 1519, gardsdelinga må med andre ord vera eldre enn det.

Hallaråker viser til eit diplom (– eit offentleg dokument) frå 1553 (DN VI s 810) kor ein Henrik Olsson kunngjer å ha selt ein øydegard på Bremnes i Gåsland sokn. Kva fortel dette oss? Jo, at kyrkjesokna på det tidspunktet heiter Gåsland. Øydegarden som er omtalt, ligg på Bremnes som då må vera etablert som eit bygdenamn i sokna, altså ikkje lenger eit gardsnamn sidan den eventuelle gardsdelinga fann stad tidlegare.

I SÅ 2003 skriv også Anstein Lohndal om bremnesgarden. Han finn gode grunnar til også å innlema Hallaråker i denne storgarden. Eg siterer: Etterleddet i namna Nordtun, Hallaråker, Sønsta og Mehus fortel at desse har ein gong vore deler av ein eldre, fleirbølt gard, men ei oppdeling av denne har ført til at gardsnamnet har gått ut av bruk. Nordtun vil seia ”tunet i nord”, Mehus = ”huset/tunet i midten”, Sønstabø er ”bøen som ligg sør (for fellestunet) og Hallaråker tyder ”åkeren i hallet (dvs han ligg i ein bakke).

Heilt gløymd er likevel ikkje det gamle gardsnamnet, det eksisterer sannsynlegvis framleis i soknenamnet Bremnes. … Brukt som soknenamn må Bremnes visa til ein gard, og det må også ha vore ein større gard. Ingen ville ha funne på å kalla sokna etter ein ikkje-eksisterande gard. Nett dette tilhøvet er det beste provet på at det har funnest ein gard som bar namnet Bremnes.

Dette siste resonnementet synest å ha til føresetnad at gardsdelinga fyrst skjedde etter reformasjonen, medan Steinsbø sitt arbeid tyder på at delinga har skjedd langt tidlegare. Synspunktet er likevel verdt å ha i mente.

Kvifor nytt soknenamn?
På nettstaden norgeskirker.no står det å lesa om Gåslandskyrkja: Etter reformasjonen ble kirken kalt “Brimnes kirche”, første gang i 1563 (Norske lensrekneskapsbøker 1548-1567 b. III s. 79). Den var annekskirke til Moster hovedkirke i Finnås prestegjeld. (http://www.norgeskirker.no/wiki/Bremnes_(Gåsland)_kirke).
No heiter kyrkjesokna tydelegvis Bremnes.

Spørsmålet i overskrifta er ikkje nytt, Knut Robberstad slår fast (i SÅ 1974 s 45) at dette namneskiftet framleis er ei gåte. Mitt spørsmål er om han kanskje sjølv har hatt hand i svaret i noko han skreiv tidlegare, i alle høve om me jamfører utgreiinga hans med Lohndal si. I SÅ 1947 skriv Robberstad om Gamle prestegardar i Finnås. Eg siterer frå innleiinga:

I millomalderen må det ha vore regelen at det var ein prest til kvar soknekyrkje. Kyrkjesokn og prestegjeld var då det same. Eit minne om den skipnaden har me i ordet sokneprest. Ein sokneprest er i vår tid jamnast prest for meir enn ei sokn; prestegjeldet er ei hovudsokn for ei eller fleire utsokner. Utsoknene vert gjerne kalla med eit framandt ord, anneks, det tyder tilknytt. Hovudsokni er den sokni som soknepresten bur i.

Samanknytingi av sokner til større prestegjeld byrja alt i millomalderen, seinast etter den store mannedauden (1350), og ho heldt fram i den fyrste tidi etter reformasjonen.

Han hevdar vidare at før denne samanknytinga var truleg Teigland prestegard på Moster, Vorland på Bømlo og Gåsland prestegard for Gåsland sokn.

Då Gåsland sokn ikkje lenger hadde sin eigen sokneprest, men vart utsokn under hovudsokni Moster, sokk Gåsland prestegard ned til å verta leiglendingsgard. Då må Brømnes-garden eikorleis ha vorte viktigare enn både Gåsland og andre gardar i sokni. Det må ha ført med seg at utanbygdingane tok til å tala um Brømnes når dei meinte kyrkjesokni.

Og no er det at Lohndal si vurdering kan koma inn. Han tek utgangspunkt i landskylda til dei fire bremnesgardane til saman (– rett nok frå 1646,) og konstaterer at skylda til den gamle garden Bremnes kvalifiserte han til å vera ein såkalla storgard, på høgd med kva Grindheim var på Moster. Kanskje kan dette vera grunnen til at utsokna vart heitande Bremnes.

Kva so med namnet?
Her høver det å sitera Peter Hallaråker (SÅ 1973, s 72): Namnet er samansett av gno. brim n, bårebrot mot land, og nes n. Enno kan ein høyre gamle folk bruke ordet brøm eller havbrøm på denne måten, … . Det finst også eit sund på Sønstabølandet som heiter Brømsund.

Norsk ordbok  (bd I 1966) noterer under oppslagsordet brim talemålsforma brøm som representativ for Sunnhordland. Det harmonerer  med seiemåten me har i namnet Brømsund og mest sannsynleg heitte storgarden då Brømnes.

Ute ved Brømsund finst forresten eit lite nes som visstnok heiter Brømnes; nemninga er interessant, men neset er altfor smålåte til at det kan ha gjeve namn til ei kyrkjesokn.

Jens J Sortland d e skriv i ein artikkel i SÅ i 1956 om postopneriet Bremnes, som vart etablert i 1863. Den gongen var namnet skrive Brumnes hevdar han. Denne namneforma er uråd å dokumentera for Postmuseet, den eldste nemninga dei kjenner, er Bremnæs. Eg vel difor å tru at Brumnes er ei talemålsform, vokallydane ø og u kan i daglegtalen hos oss liggja kvarandre svært nær; vår uttale av namnet Brømsund er snarare Brumsond.

Når varianten Brumnes no er nemnd, kan det kanskje opna for ei anna tilnærming til namnetydinga. Kan det tenkjast at namnet slett ikkje kjem av brim/brøm, men av substantivet brum og verbet brumma – som har med lyd å gjera? Færøysk ordbok seier dette om verbet brumma: „geva frá sær djúpt dunandi ljóð, …, sjógvurin brummaði»; kan henda reflekterer dette tilsvarande språkbruk også hos oss. Det sterke havbraket me støtt høyrer her ute, kan gjerne opplevast som eit karakteristisk trekk ved området og såleis vera høveleg som utmerkingsledd for stadnamnet. Dette er det truleg berre dei fyrste namnebrukarane som kunne ha svara på.

Namneformene Brimnes, Bremnæs og Bremnes må i vårt tilfelle forståast som normaliserte skriftformer under den dansk-norske skrivetradisjonen, og dei har neppe heimel i bremnesmålet frå gamalt. I dag har vel dei fleste av oss likevel forsona seg med bremnesnamnet, som også er blitt ein identitetsmarkør for oss bremnesingar. Dette gjaldt rett nok ikkje for professor Knut Robberstad, han skreiv alltid Brømnes i sine lokalhistoriske artiklar.

tm2018

Loading