Rak

Den store raksaka

I ei bok professor Knut Robberstad publiserte straks etter krigen, To skifte og sumt anna frå Brømnes i gamal tid (1945), fortel han om ei stor raksak her ute på vestsida som enda med dom i Høgsterett i 1827.

Det hadde seg slik at det vinteren 1815–16 vart funne vrakrestar etter ei skute vestpå havet, og kva som var meir interessant, mange tønner med vin og brennevin. Folk førde godsakene i land, drakk og selde. Nokre melde frå til rakafuten, dei fleste ikkje, men sak vart det av det. Robberstad har ordet:

Henrik Anker Bjerregård sku føra klagemålet mot raka-mennene. Bjerregård hadde dikta fedrelandssongen «Sønner av Norge», der han prisa «frihedens tempel i nordmandens dale», og han har kannhenda likt anna betre enn å få desse stakkars folk dømde i straff og tvang for den raka-vinen som var uppdrukken i 1815–16. I alle fall dreiv han ikkje saki noko snøgt. Til slutt laut departementet få justitiarius til å truga Bjerregård med å taka saki frå han. Saki kom upp til avgjering i 1827, som sagt, og då dømde dei Bjerregård til høgaste bot, 80 spd., for drølingi. Men Bjerregård vart seinare høgsterettsdomar, so han greidde støyten utan varande skade.

Av dei saksøkte vart 143 dømde. Det  var folk frå Sveio, Brømnes, Fitjar, Austevoll, Sund og Fjell, og endåtil ein by-fiskar frå Solheimsvikjo attmed Bergen. Av dei dømde var 22 frå Brømnes, mesteparten av dei frå Radbygdo, nokre frå Nese og nokre frå Goddo. – Sume av dei sakgjevne vart frifunne, og sume var avlidne. Ein mann frå Nese orsaka seg med at han hadde lite vet, men det hjelpte ikkje; domarane vilde ikkje taka umsyn til hans «påberåbte enfoldighed», for han hadde vore fast los i 19 år.

Straffi for dei fleste vart 2 månader tukthus, som sku sonast i Bergen. Men tukthuset var for litet til ein slik folkefjølde, og koss det gjekk til slutt, veit ikkje eg. 

Sume fekk høgare straff, m. a. ein mann i Radbygdo. Han hadde funne 4 fat vin; noko av den hadde han selt til prosten Hertzberg (1767–1830) på Finnås, tunnestavane hadde han selt til ein mann frå Hardanger; og so hadde han freista å kjøpa rakfuten Erik Eriksen i Sønstabøvågen. Alt dette verdsette Høgsteretten til 6 månader tukthus. Prosten Hertzberg hadde tilstått at han kjøpte eit anker vin, men det var ikkje prova at han visste det var rak-vin. Seljaren hadde fyrst upplyst for domstolen at han fortalde kva slag vin det var, men sidan hadde han teke attende denne upplysningi. Høgsteretten dømde kjøparen til å bøta 30 spd. til fatigkassa, for han visste då at radbygdarane ikkje hadde rett til å handla med vin.

 714 total views,  1 views today