Kulturhistorisk vandring 12

Utefjosen

Me står ved murane etter ein gammal utefjos, og spør: Kvifor utefjos? – og kvifor her?
Dyrehaldet har heilt opp mot våre dagar vore det same som i hundreåra før oss, kyr og småfe, men utefjosen kom or bruk lenge før me kom til.

Vår første tanke ved ei fjostuft er gjerne den at bygget skulle skaffa husdyra tak over hovudet til vern mot vind og vêr. Men det var slett ikkje formålet med utefjosen, eller sommarfjosen, som han også vart kalla. I vårt milde klima gav vêret liten grunn til å setja dyra inn for natta når dei gjekk på sommarbeite. Smalen gjekk no forresten ute meir eller mindre heile året, då som no. Rett nok var det enkelte stader i landet nødvendig å ta buskapen inn om natta for å verna han mot rovdyr, men neppe har det vore trong for det her på våre kantar.


Utefjosen har derimot hatt sin funksjon knytt til åkerbruket. Me må då ha i tankane at det gamle jordbruket støtt var i manko på gjødsel til åkrane. Det var frå åkeren ein henta basisvarene i kosthaldet, korn og poteter. Skulle avlingane haldast oppe frå år til anna, var tilgang på gjødsel den heilt avgjerande føresetnaden. Møk var såleis ein svært verdfull ressurs, som måtte sankast så omhyggjeleg som råd var. Når dyra stod på bås om vinteren, var ikkje dette noko problem, men korleis skulle ein sikra seg møka når feet var på sommarbeite? Løysinga låg i utefjosen. Ved å setja inn dyra om kvelden, fekk ein hand om både fast og flytande gjødsel som krøtera lét etter seg. Skikken var å strø tørka mold eller torv over møka slik at ein fekk blanda til ein masse som saug til seg også den våte gjødsla. I tillegg til dette kunne ein nytta tang og anna opprekster frå sjøen, og resultatet var at ein til neste års våronn hadde eit tjukt lag med verdfull kompost til å bera frå utefjosen og ut på åkrane. Når den nye beitesesongen tok til, var fjosgolvet skrapa og klart for ny gjødselproduksjon.

Dersom me no vender tilbake til spørsmålet om kvifor fjosen er bygd akkurat her, så finn me truleg gode grunnar for plasseringa. Først får me likevel nemna at denne lokaliseringa, midt ute i marka, slett ikkje er typisk for slike bygg. Vanleg var det at utefjosen låg ved bøgarden. Ofte var han bygd inn i sjølve garden, gardfloren vart han då gjerne kalla. Lokaliseringa til vår fjos kan ha grunnlag i desse faktorane: Her er rikeleg med laus stein til murane, tjørna nedanfor ber tydeleg preg av å vera utspadd, ein har med andre ord funne torvstrø nær fjosen. Dessutan er her kort veg for å henta tang som tilskot til gjødsla. Til sist er å nemna nærleiken til åkerteigane straks nordforbi her – meir om dei seinare.

Som nemnt ovanfor, henta ein mold frå myrlendet på nedsida til strø over gjødsla. Litlanestjørna, bade- og sigletjørna for oss ungane som vaks opp her, er med andre ord også menneskeskapt. Opphavleg var her myr som i neste omgang vart ein medspelar i den delen av driftsopplegget som vart kalla moldbruk. Kanskje fann ein også brennetorv i myra, det temaet skal me ta for oss på post 17. I dag, etter at moldbruken for lengst har teke slutt, ser me at tjørna er i ferd med å gro att, myra kjem tilbake. I vår tid har handelsgjødsla gjort utefjosen funksjonslaus. Kor lenge dette bygget var i bruk, veit me ikkje; ingen nolevande personar veit å fortelja noko om det.

Ei segn
– er forresten knytt til murane i den forfatninga me finn dei i dag.
Nokre småjenter hadde leikestove her ute mellom fjosmurane. Det må ha vore omkring 1920. Ein dag dei kom hit ut, såg dei ein framand mann på staden, ein underleg, liten skapnad. Dei vart redde ved dette synet og sprang heim. Då dei seinare kom tilbake, hadde murane rasa saman og øydelagt putlestaden deira. Det var nok Storemannen, meinte mor deira, som hadde sendt den framande til skremsel for slik å verna borna mot ei ulykke.


Loading