Kulturhistorisk vandring 13

Gravrøysa ved leia

Menneska sine gravskikkar har i periodar sett spor i landskapet som er kjærkomne for arkeologane. Det er elles ikkje flust av far å finna etter folk som ferdast her i forhistorisk tid. Gravskikkane har endra seg fleire gonger gjennom tidene, etter impulsar utanfrå og i samsvar med rådande menneskesyn.

Langs kysten, ikkje minst på Vestlandet, finst mange steinrøysar som i dag er registrerte som forhistoriske gravhaugar. Lokaliseringa av desse viser eit påfallande mønster, dei ligg helst ved sentral siglingslei, på lokale høgdedrag der dei er lett synlege frå sjøen. Dette vert av fagfolk tolka som eit medvete uttrykk for at grava skulle verta lagd merke til av dei som for framom. Slik fekk dei døde sitt monument for samtid og ettertid. Kanskje var det også ein tanke at dei bortfarne skulle ha utsyn utover sjøen; gravgåver i form av utstyr og mat vitnar i alle fall om at ein ikkje tenkte seg gjerandslaus i dødsriket.

I arkeologien er det tradisjon for å datera desse røysane til eldre bronsealder (1800-1000 f Kr), men i seinare tid har ein kome til at nokre av dei truleg er vesentleg yngre, gjerne “berre” 1000 år gamle. I perioden mellom desse to bolkane, i yngre bronsealder og eldre jernalder, var det ein dominerande skikk at dei døde vart brende og ikkje lagde i haug. Likbrenning tenkjer ein seg kan ha samanheng med ei førestilling om at sjela vart frigjord frå kroppen ved elden, og steig med røyken opp til ein høgare sfære.

Gravrøysa her, sør på Litlaneset, er ei sokalla langrøys, som ber tydeleg preg av å vera utkasta, altså opna og eventuelt røva for verdfullt innhald. Kanskje har dei som mura opp steingardane her omkring, teke materiale frå røysa. Spørsmålet om datering kan me komma tilbake til ved ei grav me finn lenger ute i løypa (jfr post 18).

Nytt liv i gravhaugen


Ved fleire høve har me no vore innom temaet gravlegging. Ut frå dei stoppestadene me har hatt i løypa, kan me trekkja ei historisk linje frå steinalderen si enkle og praktiske løysing med å grava dei døde ned på sjølve buplassen, via bronsealderen si monumentale, frittliggjande gravrøys, til den kristne kollektive gravstaden, den heilage kyrkjegarden.

Loading