Kulturhistorisk vandring 10

Kråkevikjå

Etter stormen

Det daglege fisket var frå gamalt avgjerande for livberginga i kystbygdene. I tillegg til det heilårlege fisket på stadbunden fisk, kom sesongfiskeria i samband med at vandrande stimfisk søkte inn under land, til dømes sild og makrell. Dette fisket skaffa ikkje berre bonden mat, det gav også kontantinntekter om fangsten var god.

Medan vintersildfisket gjerne gjekk føre seg på ope hav, søkjer sommarsilda ofte inn i vikar og vågar. Her er det grunt, og fisken er lett å få auga på, og etter måten lett å fanga. Tidleg tok ein i bruk landnot som reiskap, og stengde av vågen der silda stod. Her i Kråkevika har det opp gjennom tidene stått mangt eit steng, både med sild og makrell.

For grunneigarane var kastevågane viktige ikkje berre ved at bonden sjølv hadde notbruk, men også av di fiske med landfast reiskap gav han inntekter i form av landslut, ein viss prosent av fangsten sin verdi. Enno i dag er det slik at gardbrukarane deler landsluten etter gamle reglar baserte på landskylda. I våre dagar er det laksefisket som har hatt mest å seia i denne samanhengen.


Ein rakaplass
Komne ned i vika, vert me straks minna om at havet femner meir enn det som sym nede i djupet. Også på overflata kan me driva fangst, oppreksteren i fjøra har jamt hatt nyttige og spennande ting å tilby.

Rakaved var det mest vanlege utbytet. Ein la opp kassar, bordendar og anna trevyrkje som kunne nyttast til brensel. Det var kjærkome i den skoglause kystbygda, kor brennefang stadig var ei mangelvare. Omnen hadde visstnok ikkje godt av rakaveden, vart det sagt, saltet frå sjøvatnet øydela støypegodset. Best var det difor å la veden bli liggjande ute i regnet ei tid så saltet kunne vaskast ut.

Raket måtte lødast trygt over flomålet så ikkje draget henta det ut att. Dessutan måtte det merkjast med ein laus stein på toppen for at det ikkje skulle hamna i annan manns kipe. Det var viktig å skilja mellom mitt og ditt her også, elles kunne ein få ord på seg for å vera ein rakatjuv.


Stundom kom meir verdfullt drivgods under land, til dømes tømmer og plank. Det hende ikkje sjeldan at trelastskuter, gjerne frå dei russiske hamnene i nord, miste noko av dekkslasta når dei rulla seg sørover langs norskekysten. Det kunne bli til nytte for bonden som trong materialar til bygging og husvøla. Det problematiske var at verdfullt drivgods skulle meldast til rakafuten, eller seinare, lensmannen. Men mangt vart nok bore heim i naustet før øvrigheita, etter sjelekval, vart varsla.

Professor Knut Robberstad fortel i eit lite skrift han publiserte straks etter krigen (To skifte, 1945), om ei stor rak-sak her ute som enda med dom i Høgsterett i 1827.

 140 total views,  1 views today