Væreigaren

Ole Simonsen Mønstre

–  skreiv han seg, mannen som her skal minnast. Han var gjestgjevar og gründer i Sønstabøvågen på 1800-talet, og me er mange som har han å takka for at me finst. Trass i at han ikkje fekk livsarvingar, vart han likevel gjennom sine giftarmål, og som arbeidsgjevar, «far» for talrike etterkomarar i Bremnes, og i Sveio kor han kom i frå. Berre i grenda vår bidrog han til å befolka fleirtalet av stovehusa me finn i dag, han fortener å bli hugsa.

Etter at Ole Eriksen Habbestad døydde i 1823, etter 48 år som gjestgjevar, gjekk det nedover med handelsstaden i Sønstabøvågen, under skiftande eigarar. Son til Ole, Erik, overtok handelen, men vart snart pengelens og måtte la eigedomen gå på auksjon i 1825. Ein kræmar frå Stavanger kjøpte staden, men han døydde to år seinare, då var også han konkurs. Endå tre eigarar prøvde seg frametter 1830-talet utan synderleg suksess. Omslaget kom då Ole Simonsen Mølstre – som han i ettertid vert kalla – overtok eigedomen, no byrja ein ny æra for den gamle gjestgjevarstaden.

Ingeborg Olsdotter Gunnarshaug, Torvastad og Simon Johannesson Nordre Mølstre fekk tre born som vaks opp; Simon, Ole og Jon. Kva Ole, fødd i 1801, livnærte seg med etter konfirmasjonen, veit me for lite om. Sidan Simon hadde odelen på farsbruket, måtte brørne finna seg anna utkome, Ole truleg som sjømann. Då Jon var 16 år bygsla han det eine bruket i Mølstrevåg kor handelsstaden hadde lege brakk etter ein brann på 1750-talet. I 1834 kjøpte han saman med Ole begge bruka i vågen, og året etter fekk dei bygd ei 46 fots jakt, De tvende Brødre, i Ølve i Kvinnherad. Brørne dreiv med sildesalting, Ole vart skipper på eiga skute, og i 1838 kjøpte han Sønstabøvågen for 2300 Spesidalar.

Handelsmannen
Straks Ole kom hit, søkte han kongeleg løyve til å driva handel. Formannskapet i Finnås gav uttale i høve søknaden:

Da der i Bremnæs Sogn, hvori Sønstabøevaagen er beliggende, forhen findes tvende Landkræmmerier, nemlig Hidsken og Øklandsvaagen, anser Formandskabet det ei nødvendigt, men paa Grund af Sognets store Udstrekning og Folkemængde og i særdeleshed for at fremme en hensigtsmæssig Konkurrance, er det gavnligt at et trende Landkræmmeri oprettes under Forudsætning af, at Rettigheden for samme indskrænkes til Afsetning af de for Bondestanden nødvendige Varer. 

I Betragtning af, at Ansøgeren i sikkert Haab om, at den samme Bevilling, som de foregaaende Eiere af Sønstabøevaagen i en lang Række af Aar har været i Besiddelse af, ogsaa naadigst maatte blive ham forundt, der til særdeles høi Priis har kjøbt dette Sted, og i Overbeviisningen om, at Ansøgeren vil drive en for Distriktet gavnlig Handelsvirksomhed, tror Formandskabet at kunde anbefale nærværende Ansøgning til naadigst Indvilgelse.  

Søknaden vart stetta, og me kan i ettertid til fulle stadfesta at verksemda hans vart til gagn for distriktet. 

Folketeljinga i 1845 registrerte 1825 innbyggjarar i Bremnes sokn, berre to av desse var handelsmenn – kræmaren i Øklandsvågen døydde det året og var ikkje med i teljinga – såleis kan ikkje Ole Simonsen ha hatt mykje konkurranse her på vestsida. Likevel, i forhold til dei andre verksemdene sine – gjestgjeveri, salteri, bøkring, fiske og fraktefart – utgjorde nok landhandelen ein mindre del av inntektsgrunnlaget.

Etter at handelslova av 1842 frigjorde handelen på landsbygda frå byborgarane, auka talet på handelsmenn i Finnås kommune utetter hundreåret, fleire av desse fekk læretida si hos Ole Simonsen: Asser Svendsen etablerte handel ved Sæverudsøya – på Svendsaholmen – før han kjøpte Øklandsvågen; Gunder Ottesen frå Stord prøvde seg i Øklandsvågen før Asser; Halvor Johannessen Meling sette seg til med handel på Vorneset, Mons Gabrielsen i Mosterhamn og Erik Jacobsen på Øklandsnes i Sveio. Til sist kom Berge Olsen frå Meling som forretningsførar og kjøpte Sønstabøvågen i 1895, to år etter Mølstre sin død.

Giftarmål
I 1837 kom det til Mølstre ei 25 år gamal taus frå Ogna sokn, Egersund prestegjeld, Sara Hansdotter Fuglestad heitte ho. Tre år seinare står ho brur i Sveio kyrkje, brudgom er Ole Simonsen. Endeleg, ein augustdag i 1840, kan gjestgjevaren sigla heim ny husfrue til Sønstabøvågen. Men syrgjeleg, Sara fekk berre ein vinter i Vågen, ho døydde under barsel i november året etter. Barnet, Simon Zacharias, vart heimedøypt på mora sin dødsdag. Han fekk namn etter farfaren som fall frå i juni same året. Lenge fekk likevel ikkje guten leva, han drukna i romjula 1844.

Omgangskrins
Ved heimedåpen nemnd ovanfor var det Lars Larson Meling som stod for ritualet. Skulelars’n, som han vart kalla, var saman med Ole Olsen Hisken blant dei fyrste haugianarane i bygda og dreiv ihuga forkynning i distriktet; Ole var krambudreng hos Mølstre. Ole Olsen og Anna Nordtun, som han var trulova med, stod fadrar ved dåpsstadfestinga til vesle Simon i kyrkja på ettervinteren 1842. Desse opplysningane frå kyrkjeboka kan vera interessante ved at dei fortel oss noko om Ole Simonsen sin omgangskrins, og kanskje noko om hans åndelege orientering. Kan gründeren i Sønstabøvågen ha vore inspirert av Hans Nielsen Hauge sin religiøse og økonomiske ideologi? 

I denne samanhengen kan det også nemnast at broren i Mølstrevåg, Jon, også miste kona si etter fyrste barsel, og då han fann seg nytt gifte, kom jenta frå ein haugiansk  handelsfamilie i Bergen. Brørne Ole og Jon samarbeidde nært både på sjø og land. I 1849 representerte dei misjonsforeningane i Bremnes og Mølstrevåg på møte i Mosterhamn for å velja utsending til misjonsselskapet si generalforsamling i Trondheim. Til stades her var også førnemnde Ole Olsen Nordtun, som han no kalla seg etter at han gifte seg til jord her. Til utsending for samlinga i Trondheim vart vald handelsmann Erik Jacobsen Øklandsnes.

Ein annan mann å nemna her er dessutan Tønnes Trøiel Eriksen, kjend som kyrkjesongar, lærar og ordførar i Finnås – og leiar av Bremnes misjonsforening. Han kom til bygda som nygift seminarist hausten 1842, budde fyrst hos Ole Simonsen før han tre år seinare kjøpte gardsbruk på Stavland. Det var eit nært forhold mellom Trøiel og Mønstre. Dei hadde òg eit lagnadsfellesskap ved at Pernille og Tønnes, til liks med husverten, måtte gravleggja eit barn ved nyårstid 1845.

Nytt ekteskap
Sommaren 1847 står Ole Simonsen atter brudgom, denne gongen i Gåsland kyrkje. Brura kjem frå Mandal, Anne Thomine Tostensdotter Sånum, enkje med fire halvvaksne born. Forlovarar er Ole Olsen Nordtun og Tønnes Trøiel.

Kanskje spør me oss om korleis Ole fekk fatt i si nye kone, so langvegs frå. Fyrste mannen hennar, Torgje Olsen Hoven som døydde i 1839, var nemnd fraktmann, slik også far hennar var – og altså med same bakgrunn som hennar nye ektemann. Det kan vel tenkjast at skippermiljøet nedetter kysten medførte kontaktar og kjennskap. Også skipperar frå Sørlandet har nok nytt godt av vinterfisket på Sørvestlandet, her var stor trong for transportkapasitet under sildebonanzaen. Mellom anna var det stor trafikk med tønnestav frå Sørlandet til bøkkerverksemdene ved salteria.

Føregangsmannen 
Handelsstaden disponerte også eit gardsbruk på Sønstabø. Då Ole Simonsen kjøpte bruket, låg innmarka på garden i teigblanding og utmarka i fellesskap mellom dei tre gardane Mehus, Nordtun og Sønstabø. Denne bruksstrukturen opplevde nok Ole som problematisk med tanke på forretningsambisjonane han hadde. 

For å effektivisera jordbruket i landet vedtok Stortinget i 1821 ei lov om utskifting av jordbrukseigedomar, i dag kalla jordskifte: 

§1 Hvor Fællesskab i Jord eller Skov paa Landet finder Sted, skal enhver Lodseier være berettiget at fordre af dem, der have Andeel i Sameiet, at blive udskiftet, og at disse samtlig skulle deeltage i Udskiftnings-Omkostningerne, …

I samband med arveoppgjeret etter Simon Johannessen Mølstre, vart det gjennomført jordskifte på Nordre Mølstre i 1843. Slik fekk brukarane full råderett over jorda si på eit samla, avgrensa område. Dette har nok inspirert Ole til same løysing for sitt eige bruk. I 1846 tok han initiativ til ei såkalla minneleg utskifting, men han møtte motstand, om dette skriv han sjølv til Finnås forlikskommisjon våren 1847:

Klage
Da jeg som Eier af et Brug i Gaarden Søndstabøe tilligemed gjestgiverstedet Søndstabøvaag længe har attraaet at erholde dette mitt Gaardebrug udskiftet af det Fællesskab, hvori samme, snart paa een snart paa en anden Maade er indviklet med mine Naboer, saavel paa Gaarden Søndstabøe, som paa Nabogaardene Nordthun og Mehuus, saa forsøgte jeg i forrige Aars Høst at forsamle alle disse mine Naboer og med dem prøve en mindelig Udskiftning, hvilket ogsaa havde saa god Fremgang, at jeg allerede troede det Hele afgjort paa en Gang. Gud veed af hvilken Aarsag – fleer af de interesserede trak sig tilbage og negtede at underskrive det foreløbig Antagne, hvorved naturligviis det hele Foretagende gik overstyr. Jeg nødes derfor at benytte mig af de anordnede lovlige Midler for, med eller uden samtykke, at naae bemeldte min lovmæssige Hensigt, og som forberedende Skridt hertil, skal jeg herved tillade mig, at begjære samtlige i ovennævnte Henseende Vedkommende, …, indkaldte til Forligelsescommissionen, for at jeg end en Gang kan prøve mindelig Forening med dem om den omhandlede Udskiftning.

Søndstabøvaag den 29 April 1847
Ærbødigst Ole Simonsen

Forlikskommisjonen kom saman fredag 4. juli på Sakseid klokkargard, men partane oppnådde ikkje forlik, og siste utveg vart då, etter lova, å krevja tvungen utskifting. Jordskiftet fann stad i august 1847. Slik fekk Ole Mølstre samla bruket sitt på eit samanhengjande areal både i inn- og utmark. Det skulle gå 20 år før dei andre grunneigarane i grenda såg seg tente med ei tilsvarande løysing. Kanskje var utgiftene ein av grunnane til motstanden frå grannane, slik det var under deira utskifting i 1870.

Ein av konsekvensane av jordskiftet ser me dei påfylgjande åra, ved at Mølstre leiger ut hustufter og også små jordparsellar til strandsitjarar og husmenn, slik skaffa han seg årlege leigeinntekter på gardsbruket sitt. Dei som ved slike festekontraktar fekk seg hus og jord, var gjerne arbeidsfolk som heilt eller delvis stod i væreigaren si teneste. Det kunne vera som jekteførar, skomakar, bakar, smed, snekker, bøkker, og andre arbeids- og tenestefolk. Verksemdene til Ole Mølstre lokka mykje arbeidsfolk av ulike kategoriar til Sønstabøvågen.

Eigarskifte
Det nære hopehavet mellom familiane i Mølstre og Sønstabøvågen kjem også til synes ved at tre av borna til nyekona vart gifte med born av Ole sin eldste bror. Gurine vart gift med skipperborgar Johannes Simonsen som i fleire år arbeidde for onkelen sin her; Anna fekk styrmann Thomas Wegner Simonsen, medan yngstemann, Ole, gifte Astrid Wegner Simonsen. Med sin nye husbond fødde Anna Thomine sonen Simon i 1848. 

I november 1853 skøyter Ole eigedomen sin i Sønstabøvågen til sonen Simon, som då er fem år gamal; sjølv har han etter kontrakten bruksrett så lenge han ynskjer. Kvifor han gjer dette, er vanskeleg å skjøna om det ikkje har med kona sin helsetilstand å gjera, ho er nemleg sjuk på dette tidspunktet. Truleg innser Ole at han atter kan koma til å mista kona si. Ho har fire vaksne born som Ole er stefar til; kan det vera at han overfører eigedomen til einaste livsarvingen sin for å sikra guten sin situasjon ved eit eventuelt arveoppgjer?

Onsdag 11. januar 1854 kjem soknepresten på huset for at meddele Sacramentet til Landhandlerens syge Kone, nokre timar seinare får ho heimlov. Borna gjev samtykke til at stefaren kan få sitja i uskifta bu, men Tobias på 18 avgrensar samtykket til dette Aars Høst. I ei fråsegn i denne samanhengen gjev Ole eit statusoversyn over buet, datert 25. mai 1854:

I ei hovudfagsoppgåve i historie ved Universitetet i Bergen 1997, En munter travelhet, skriv Sverre Halleraker om sildeentreprenørane i Finnås prestegjeld på 1800-talet; han kommenterer tala ovanfor. Han reknar at saltsilda Mølstre her har på lager, svarar til 1137 tønner etter prisane på Bergen børs. Sidan dette er behaldninga i slutten av mai, så er det grunn til å tru at samla mengd salta sild er langt større sidan mykje allereie er førd til marknaden.

Kva for fartøy Mølstre er parthavar i på dette tidspunktet, i tillegg til De tvende Brødre, er uvisst, men her er nok fleire i og med at han nyttar fleirtal i post 2 ovanfor. Det er nok svært nærliggjande i denne verksemda å investera i fartøy, når ein har litt ledig kapital. Dessutan, jo fleire parthavarar, dess fleire å dela risikoen på.

Kontante midlar finn me ikkje i oversynet, det er tydeleg at han ikkje lèt pengar liggja passive på kistebotnen. Ledig kapital vert sett i arbeid, ved investering og renteberande utlån. Han låner også sjølv pengar til investeringane sine, som me ser av oversynet. Her er ikkje bank i bygda på dette tidspunktet. Av det han omtalar som uteståande uviss gjeld, er vel noko kreditt gjeve på krambua; landhandlarane stod vel på dennne tida fram også som sosialarbeidarar.

Av punkt 7 går det fram at Ole framleis er grunneigar i Mølstrevåg. Verdien av sjøreiskapar indikerer, ifylgje Halleraker, at Mølstre eig notbruk.

Sildeentreprenøren
I fylgje Hans Nielsen Hauge var det god kristentru å forvalta Guds rike gåver slik at dei gav god avkastning, men gevinsten skulle ikkje nyttast til privat forbruk. For ein haugianar vart det god kristenskikk å opptre som sildeentreprenør. (Sitert etter Bringedal, s 106)

«Hele huset til topps fullt av mennesker, sild, salt og tønner; rop og larm, bøkkernes slag, vindetauene, som skuret opp og ned; gulv og trapper våte og glatte av sildeblod og lake, som dryppet gjennom gulvene fra øverst til nederst, silderisp oppefter veggene, hvor du vendte deg, og en lukt som i maven på en hvalfisk –«.
Det er Alexander Kielland som i romanen Skipper Worse (– kapittel V,) skildrar miljøet i saltebuene slik.

Måleriet ovanfor, av ukjent opphav, kan daterast til siste halvdel av 1860-talet ut frå bygningsdetaljar, mest truleg har det eit fotografi som grunnlag.

Biletet viser oss bygningsmiljøet ved handelsstaden: To store sjøhus – saltebuer og bøkkerverkstad, og eitt mindre som m.a. hyste gjesterom for reisande; bak sistnemnte stikk taket på smia opp. Det kvitmåla huset oppe i bakken er krambua – med gjesterom på lemen. Overfor krambua ligg våningshuset til gjestgjevaren, som framleis står i dag; framfor dette ser me taket av stabburet, også nytta til losji for drengene. Bakeriet låg truleg bak det store sjøhuset. Stovehuset oppe til høgre tilhøyrer skomakar Øgaard. Bak uthuset til skomakaren står truleg løa til Johannes Amundsen, og oppe til venstre i biletet ei av dei to løene til hovudbruket. Nede ved sjøen, til høgre, kan me sjå naustet til Bent Olsen Sønstabø, også det står enno.

Ut frå branntaksten til Ole Simonsen og det oppgjevne grunnarealet på dei to saltebuene på biletet, stipulerer Halleraker (1) ein saltekapasitet på 5 300 tønner per år. Det er i så fall den største kapasiteten han finn i det undersøkte materialet frå Bømlo og Sveio. 

Når det gjeld investering i fartøy, er Ole Mølstre i 1856 registrert som byggherre for barken Hans Egede, saman med 11 andre partshavarar. Skuta var bygd i Ålfjorden, Sveio, kosta 15 460 spd. og var registrert i Skudeneshavn. Ifylgje Halleraker (2) siglde Hans Egede mest på Middelhavet, men i 1865 finn han henne innom heimehamna med ei saltlast frå Sicilia.
– Forresten, kven var det som fann på å kalla skuta opp etter Grønlands apostel? 

Foto: Bergens Sjøfartsmuseum

I 1859 fekk Ole saman med grannen og skipperen sin, Johannes Amundsen, bygd ein 50 fots slupp, Leonora, i Sagvågen. Johannes dreiv forresten også med sildesalting i sjøhuset sitt ved Hammaren, som han bygsla grunn til av husbonden i Sønstabøvågen.

Halleraker hevdar at Mølstre var ein av dei få sildeentreprenørane som klarte seg gjennom nedgangstida omkring 1870, mellom anna ved at han med eige notbruk fylgte etter silda langs kysten til Nordland (Halleraker 1 s 92). I folketeljinga 31. desember 1875 var notabasen hans, Kolbein Jonsson Alvsvåg – som budde hos handelsmannen – fråverande. Saman med tenestedrengen Amund Abrahamsen var han for tida i Bodø. Med på laget var også grannen, Johan Håkonsen som budde med familien sin hos svigerforeldra Johannes og Ingeborg Amundsen, også Johan er titulert som notebestyrer. Dette kan tyda på at Mølstre hadde part i to notbruk. Dei to notabasane er framleis i Mølstre si teneste i 1881. 

Gardbrukaren
Korleis det stod til med gardsdrifta i Vågen då Ole Simonsen overtok bruket, veit me lite om, me ser at han i 1854 verdset buskapen til 50 Spd. I folke- og jordbruksteljinga i 1865 har Ole Mølstre ti storfe på bås, elleve sauer og ein gris. Han dyrkar ikkje korn, men set tre tønner poteter. Av tenestefolk har han fire drenger og tre tauser, det er vel dei sistnemnde – Bergitte, Guriane og Hanna, som stiar buskapen, slik skikken er.

Om Mølstre ikkje sådde korn i 1865, hadde han, etter munnleg tradisjon, kvern ved Apalemyra i sønstabømarka, om det er det meir å lesa her.

For tredje gong gifter Ole seg i 1861, med Anne Evensdotter frå Øklandsnes, ei enkje han kjenner frå omgangskrinsen sin. Ei stor sorg kjem over dei i juni 1867, son til Ole, 19-årige Simon, druknar i Drammenselva då han skulle i land med eit tau. i 1878 kjøper Ole tilbake eigedomen i Sønstabøvågen for 6000 kr. frå medarvingane etter Simon – dei fire steborna etter førre ektemaken.

Samfunnsbyggjaren
– ei rett nok noko ullen overskrift – og ikkje er her mange kjelder å stø seg til om Ole Simonsen sine sosiale roller. Misjonsengasjementet er allereie omtalt, nemnast kan òg at han i 1847 er ein av fem medeigarar av Gåslandskyrkja, før ho seinare vart seld til Bremnes sokn. Då Bremnæs postkontor vart oppretta i 1863, vart han fyrste postopnaren i sokna. I 1865 var han fødselshjelpar for Bremnæs Sogns Sparebank, som vertskap for skipingsmøtet. Han engasjerte seg tydelegvis sterkt i banksaka og var den aller største bidragsytaren til grunnfondet, det reflekterer naturlegvis også hans sterke økonomiske stilling i bygda; 20 spesidalar gjekk han inn med, dei fleste andre med einsifra beløp. Då banken opna dørene i juli 1866, møtte han fram som fyrste låntakar. Han var også nokre år revisor for kommunerekneskapen.

Alderdom
Folketeljinga 1. januar 1891 fortel at Ole Simonsen har «bortforpagtet begge sine Erhverv«, men står framleis som eigar av handel og gardsbruk.

Allereie på 1870-talet pakta han bort gardsdrifta; den fyrste paktaren, omtalt i 1875, var naboen Torgeir Torgeirson. Etter at han gjekk bort i 1881, kom Ole Olsen Innvær (BB1/223) og Bertha Oline Kolbeinsdotter Alvsvåg inn i denne rolla. I 1885 bygsla dei Langøyno ved heimegarden hennar og flytte dit.

Kva tid landhandelen fekk ny forretningsførar, finn me indikasjonar på i protokollen til Finnås kommunestyre etter møtet 27. januar 1888. Her vert handelsskatten for inneverande år fastsett. I Sønstabøvågen heiter no handelsmannen Berge Meling, han skal svara 25 kroner i skatt. I sak nr. 3 på møtet vart dessutan fylgjande vedtak gjort: 

I anledning en forestilling fra lensmand Gerhardsen besluttede herredsbestyrelsen enstemmig at eftergive forhenværende landhandler Ole Mønstre handelsskat for aarene 1883, 1884 og 1885, kr 6.40 aarlig.
Denne Skat er bestemt ved Kongelig Bevilling.
Mølstre var nok den siste av dåverande 21 handelsmenn i kommunen som hadde handelsløyve frå Kongen, etter 1857 var det futen som innvilga handelsbrev. I perioden 1883 til 1886 var det ein Thomas Eriksen som betalte handelsskatt i Sønstabøvågen, kona heitte Magrethe. Kor dei kom frå – og kor dei vart av – veit eg ikkje. For året 1887 vart det ifylgje dette kjeldematerialet ikkje utlikna handelsskatt i Sønstabøvågen; korleis dette er å forstå, kan eg heller ikkje gjera greie for.

Folketeljinga nemnd ovanfor registrerer ti personar  i vågahuset. Ole og  Anne har ei 17 år gamal taus, Anna Østensdotter Mehus. Den nye handelsmannen, Berge Olsen Meling bur her naturlegvis, nygift med Ingeborg Svendsen Øklandsvåg, og dessutan gardsforpaktaren Sivert Pedersen, kona Gustava og tre born. Dei var opphavleg frå Økland i Sveio der Gustava var dotter til Berta, syster til Madam Mønstre. 

Sivert er også sjømann, og ifylgje folketeljinga tok han hyre i England i april 1890 med kurs for Sør-Amerika, men hvor han var ved nyaarstid vides ikke. Paktarkona, Gusta som ho vart kalla, var såleis ikkje gjerandslaus; to av borna var henne rett nok til hjelp med gardsarbeidet, men truleg er her også ekstern arbeidkraft tilgjengeleg. I 1893 drog tømmermandskone Gusta og dei to yngste borna til Amerika, truleg har Sivert mønstra av der i forkant og skaffa dei billett til reisa. 

Ole Simonsen døydde 10. oktober 1893, to år seinare selde Madam Mønstre handelsstaden og fekk vilkårskontrakt av den nye eigaren. Ho tok unna to gamle våningshus frå salskontrakten, det innebar at ho hadde leigeinntekt frå stovehuset i Vikjå og på Ingebriktsneset. I fyrstnemnde var det stort hushald mot slutten av hundreåret, men kva tid Ingebriktsneset vart fråflytta etter at husmannen døydde i 1892, veit me ikkje. Madam Mønstre slokna i 1901. 

Om me no vender attende til synspunktet i innleiinga, om alle avleggjarane etter denne barnlause gründeren – meir eller mindre takksame – så er det særleg slektningane til Ole si fyrste kone frå Ogna som har sett djupaste spor etter seg her på Bremnes, om dette står det meir å lesa her. I Sveio er det steborna hans frå det andre ekteskapet som har gjeve han etterkomarar.

Kjelder:
Aurenes, Ola: Bremnes heradstyre 1837–1937
Bringedal, Tor: Som sild i tønne, UiB 1997
Folketeljingar 1835, 1845, 1855, 1865, 1875, 1891
Formannskapsprotokoll Finnås kommune, 1838–1845
Halleraker; Sverre: 1 En munter travelhet, UiB 1997
2 Store seglskuter frå Selsås, https://sverre-halleraker-lokalhistorie.no/
Heggland, Johannes: Bremnes sparebank 1866–1966, Haugesund 1966
Kolle, Nils: Bømlo bygdebok bind VI
Kyrkjebøker for Finnås, Fjelberg, Kristiansand, Mandal
Oldreid, Gustav: Bremnes kyrkje, Bremnes 1969
Røksund, Birger: Du stora rygd!, Mosterhamn 1979
Sele, Kristine: Sjøen, fisken, båten – Livsnerva i Bremnes gjennom tidene, Bremnes 2010
Steinsbø, Simon: Bømlo bygdebok bind I og II; Sveio bygdebok, bind 2

tm 15.12.2023

Loading