Sønstabøvågen

Vågakaien

Endeleg har Vågakaien fått si vøla, han var blitt gamal og skrøpeleg til beins. Me frykta alle han skulle gå i kne, og kommunen hadde som eigar for lengst stengt han for tunge bører å bera.

Sønstabøvågen har lang strandlinje, med mange båtstøer og sjøhus frå gamalt. Kaien det her er snakk om, er opphavleg den sentrale lendings- og samlingsplassen i vågen. Det var her sjøvegen hadde sin offentlege terminal, her voks handelsstaden fram, og det næringslivet som utvikla seg i møtet mellom land og sjø – fiskemottak, salting, bøkring og handverkstenester – og sosialt liv. No er det lite næringsliv att i vågen, oftast er det fritidsbåtar som legg til lands. Betongkaien me kjenner vart bygd i 1955 i Bremnes kommune sin regi, på tampen av det gode vintersildefisket på våre kantar.

Kommunal inspeksjon av kaien i september 2018 konkluderte slik:
Om kaia skal i normal bruk igjen anbefales det å bygge ny, det er ikke økonomisk forsvarlig å rehabilitere eksisterende kai, –.

Trass i denne dystre konklusjonen inviterte Sønstabøvågen grendalag i desember same året kommunen til samarbeid for likevel å få til rehabilitering. Grendalaget la fram plan for arbeidet, kostnadsoverslag og tilbod om organisering av prosjektet på dugnadsbasis. Resultatet vart avtale om kommunal finansiering. Slik kom arbeidet i gang våren 2021 under leiing av Magnus og Tormod Sønstabø.

No er nye søyler sette ned – stålrøyr med armert betong, og ny plate oppå den gamle. I tillegg er det kome straumuttak ved kaien og snart også vatn tilgjengeleg, etter avtale med grunneigarane for kaiområdet. Grendalaget møblerer med nye bord og benker, alt dette inspirerer til bruk av kaien både som lending og samlingsplass.

Det har forresten vore gjort dugnadsarbeid tidlegare på kommunekaien. I 2010 fekk me fjelga fasaden, teke ned det opphavlege fenderverket og kledd opp med skjørt.

Mange av oss hugsar også den gamle trekaien som vart bygd då M/S Finnås skulle ta opp rute på Sønstabøvågen, midt på 1930-talet. Det var Daniel Fylkesnes og Trygve Nordtun som bygde.

Syskenborna Olav Handeland og Ingeborg Meling (f 1938 og -39)

Kristian Staveland mimrar om gamlekaien her.

Johannes M Sønstabø fortalde at faren, Magnus, tok opp dei fyrste potetene omkring 10. august frå dei mest solrike åkrane, og reiste til Bergen med  Finnås’n og selde på torget. Også Johannes på Dalen frakta poter i same ærend. Det var rimeleg å senda poteter med rutebåten.

Lars Staveland mintest at han reiste med motorskøyta Sollys frå Vågen via Mælandsvågen og Kanalen til Eltravåg i Sveio like før jul 1942. Derifrå var det buss, driven av knott, til Haugesund. Sollys vart førd av Thomas Sønstabø og Håkon Særsten i åra 1937–42. Seinare har det ikkje vore fast rutebåt i Sønstabøvågen.

Går me endå lenger tilbake i tid, viser eit foto frå 1926 ein mura front mot sjøen på linje med sjøhuset. Nokon kai i eigentleg forstand ser det ikkje ut til å ha vore den gongen. Bildet viser også Ole Bentsen (1862–1935) si saltebryggje i tre til høgre; han salta sild her i mange år.

tm 30.07.22

 104 total views,  1 views today