Kristian fortel 8

Dragninga mot Vågakaien 

Så langt tilbake eg kan hugsa, kjente eg ei dragning mot den gamle trebryggja i Sønstabøvågen. Før krigen hadde det vore dampskipskai der rutebåten Finnås hadde komme innom fleire gonger i veka og som gjekk mellom Sunnhordland og Bergen. No vart kaien berre brukt ein sjeldan gong når kolskøyta eller ein handelsreisande kom, og vart etter kvart ein fast opplagsplass for Bra når skøyta ikkje var ute i fraktfart. 

Bra

Etter kvart hadde kaien vorte sterkt vindskeiv, og ein del av ein planke var knekt av eit stykke inn på kaien. Det var ikkje sjølve kaien eg var så oppteken av, men livet eg kunne
observera i sjøen og på botnen under kaien. Det var utenkeleg, og også uforsvarleg, å få lov å gå åleine til kaien dei første åra. Med tida vart eg vel stor nok, sjølv om eg ikkje kunne symja, men mor var skeptisk. Ut frå hennar risikoanalyse var det svært sannsynleg at eg skulle ramla utfor bryggekanten, og konsekvensen fatal. Av den grunn innskrenka opphaldet på kaien seg for min del til at eg fekk fira fiskesnøret ned mellom plankesprekkane medan mor stod ved nordre vindauget i krambua og observerte. Med ryggen til krambujenta sa ho kva som skulle kjøpast, og før ho betalte, hadde ho fått meg opp på sida av seg. 

Men mi tid kom omsider. Eg kunne liggja på magen lange tider i håp om å få ei stinte på kroken. Frå først av var det knappenålskroken som vart brukt her og, men agnet var no knust strandsnigel. Draumen om å få ein ekte, liten mortongel gjekk også i oppfylling. Ongelen kosta eitt øre, og det var ikkje prisen det sto på. Butikken i Vågen førte ikkje mortonglar, og me måtte heilt til Vinsen (Melingsvågen) for å skaffa denne reiskapen. 

Konterusken, som heldt seg på botnen, var lett bytte med den store, glupske kjeften. Kont stammar frå det amerikanske slangordet cunt som namn på kvinnas kjønnsorgan. Fisken har fått namnet fordi han nede på botnen ser ut som eit slikt organ. 

Gråkrabben (strandkrabben) tok også agnet lett, og var fin å ha i ein boks med sjøvatn ved sida av seg. Av og til kom det mort sigande inn under kaien, og han var òg lett å lura. Stinta (Bergnabb) streva eg med å få på kroken all mi tid, for ho var ein meister i å stela agnet frå ongelen sjølv etter at han fekk mothakar. 

Med tida kunne sjølivet utvidast frå kaien over i båt og ut i sunda til nye botnar, med kråkebollar, sjøstjerner og sjøanemonar mellom tang og tare. Lukta av tjørebreidd båt og tang ved fjøre sjø er like «vederkvegande» den dag i dag. 

Den utvida aksjonsradiusen kom etter at entreprenørfirmaet Engelsen frå Leirvik hadde bygd ny kai i 1955. Heile trekaien vart fjerna, og jernbaneskinner vart dunka ned i havbotnen til dei trefte fast fjell. Kaidekket vart støypt i betong etter grundig forskaling oppå skinnene. Dette var eit arbeid eg følgde med på ettersom far var med i arbeidslaget. Ein arbeidskar, eg trur han var byggjeleiar, var frå Fitjar og heitte Rimbereid. Han budde heime hos oss ein periode.

Loading