Radbygda

Kjøl

Når me les lokalhistorie etter professor Knut Robberstad, finn me stundom nemninga Radbygdo i Brømnes. Så vidt eg veit er ikkje dette bygdenamnet brukt i dag, og ein kan undra på kor dette kan vera.

Ivar Aasen si ordbok seier dette om substantivet rad: En stor Banke af gruset eller stenig jord; en jævn og langstrakt Jordryg; ordet finst også i norrønt i same tyding. Namnet Radøy i Nordhordland har slike lausmassar som bakgrunn.

På skulen lærte me helst om raet på begge sider langs Oslofjorden, som til dømes Jomfruland er del av, men også på Vestlandet finst slike ti-tolv tusen år gamle breavsetningar, på Halsnøy og Herdla særleg. 

Mellom Sønstabø og Hallaråker ligg ein lang strandvoll frå sluttfasen av den den siste istida, me kallar han Kjøl. Vollen er ifylgje geolog John-Inge Svendsen eineståande i Hordaland. På spørsmålet i innleiinga veit eg såleis ikkja anna til konklusjon enn at det Robberstad kalla Radbygda, må vera området omkring dette raet, med andre ord det bygdelaget som her på nettstaden vert kalla Bremneset – Hallaråker, Mehus, Nordtun og Sønstabø.

Kjøl ligg i utmarka på Sønstabø. Rett nok snakkar me lokalt også om Mehuskjøl, då tenkjer me på jordryggen mellom inn- og utmark på Mehus, der koleragravplassen ligg. Han har truleg same historie som Sønstabøkjøl. Det er naturlegvis nærliggjande her ved havkanten å henta namn til fenomenet frå ein båtkvelv – kjøl. 

Historisk fekk strandvollen merksemd under Napoleonskrigen 1807–14, som øvingsplass for det nyoppretta kystvernet. Den 18-årige gjestgjevarsonen i Sønstabøvågen, Erik Eriksen, var leiar for avdelinga her på vestsida og disponerte 61 våpenføre menn ved mobilisering. 

Som beqvemmest anbydes Kystværns-Øvelserne at bestemmes til om Søndagene efter Gudstjenesten. Enhver Anfører maa nøje overbevise sig om, at alle under ham staaende Kystværn altid er forsynede med Vaaben og vedligeholde samme i tjenstdygtig Stand. Da det ej bliver muligt at forsyne alle Kystværn med Geværer og Ammunition: saa maa denne Mangel søges nogenlunde erstattet ved Piquer, Ljaaer bundne paa Stænger, og andre Vaaben, der ere lette at erholde. …

To og to Mand kaldes en Rode, og understøtte hinanden saaledes at een altid har ladt, naar den anden skyder. … Alt Mandskab, som er bevæbnet med Piquer eller lignende Vaaben, maa fægte sluttet, vænnes til saaledes at løbe raske frem til Angreb, …

(Frå: Instruction for Anførerne ved Kystværnet i Bergens District, Bergen den 14de Januar 1808)

I vår tid dreiv Lars Staveland grustak ved Kjøl og leverte såkalla sønstabøkomla til ymse anlegg i bygda. Komla er i denne samanhengen ei nemning lånt inn frå gastronomien. Når innmarka var freda i vekstsesongen, spende me gutane fotball på eit lite jorde i området, her var ikkje store krav til idrettsarena den gongen. 

Kjøl hadde forresten fleire fylgjesveinar. Tek me oss søretter rekstervegen i marka, kjem me til Tausakjøl, ein grasvoll som, etter namnet å døma, frå gamalt var stølsplass for fjostausene. På nordsida av kommunevegen finn me Lyngkjøl vest for Kjølsmyra. I nordtunsmarka ligg Litlakjøl vestom Høghaug.

Det er god grunn til å stansa på Kjøl. Me finn eit vakkert natur- og kulturlandskap med våtmark, kantvegetasjon av lauvskog, rikt fugleliv, beitedyr og godt utsyn i alle himmelretningar. Om kveldshimmelen er låg, ser ein kan henda fyrsveipet frå Utsira og Slåtterøy. 

Her oppe står stjernene sterke på kvelven; her kan ein stå med kjærasten – sverma under veksande måne.

tm17.10.22

Loading