Kulturhistorisk vandring 4

Varden og signalstasjonen

Stornesvarden teiknar sin tydelege profil mot himmelen. Som eit monument står han mellom busetnaden og havet, spørsmålet er berre: Eit monument over kva?


Ingen kjenner alder eller opphav til varden, han seiest berre vera gamal. Tre historiske linjer er moglege å dra når me leitar etter ein hypotese. Ein kan for det fyrste tenkja tilbake på leidangsskipnaden frå mellomalderen. Vetar og vardar vart då nytta til å varsla fiendtlege åtak mot landet. Veten, trestokkar sette opp i kjegleform, vart sett opp på høge fjelltoppar, til dømes Siggjo. Når vakta sette eld på veten, gjekk det mobiliseringsbod frå fjell til fjell langs heile kysten.

Lokalt hadde kystbygdene i ufredstider sine eigne, lokale varslingsordningar, såkalla strandvakt. Me kjenner mange stadnamn av typen Varhaug, kanskje vitnar dei om dette. I motsetnad til veten er varden bygd av stein. Oppå varden tende ein bål av lyng eller anna brennefang til varsel for folket nærast omkring. At Stornesvarden har hatt denne funksjonen, er likevel ikkje noko me veit.

I fylgje munnleg tradisjon har varden tent som vaktstad for losar. På 1720-talet vart ei offentleg losteneste oppretta i landet. Statslosen var pliktig til støtt å halda auga med havet i tilfelle eit skip signaliserte trong for los. Me kjenner namnet på ei rekkje losar som hadde Sønstabøvågen som base. Mest kjende i folketradisjonen er dei fire karane som sette livet til her våren 1840. Dei var i teneste ein uvêrsdag og havarerte med losbåten ved Larsaboane, som skjera i ettertid vart heitande, etter los Lars Nordtun.

Heller ikkje losteorien knytt til varden kan dokumenterast i skriftlege kjelder, det kan derimot det siste historiske sporet me kan fylgja: signalstasjonen.

Under napoleonskrigane – for Noreg sitt vedkomande krigen mot England 1807–14, bygde styresmaktene opp eit optisk signalsystem langs kysten av Sør-Noreg for å kunna varsla fiendtlege segl i horisonten. I fyrste omgang nytta ein flaggsignal, seinare tok ein i bruk den såkalla klaffetelegrafen.

På Bømlo hadde kysttelegrafen tre hovudstasjonar: Espevær, Sønstabøvåg og Brandasund. Frå desse tre posisjonane hadde vaktmannskapa samanhengjande utsyn over heile kyststrekninga langs øya. Avstanden mellom vaktpostane var for stor til at dei hadde fri sikt seg imellom, difor vart det oppretta sokalla repeterstasjonar med oppgåve å senda vidare signala frå hovudstasjonane. Dei næraste repeterstasjonane herifrå var Hiskjo i sør og Nese i nord. Det vert fortalt at kysttelegrafen kunne formidla meldingar frå Bergenhus festning til Akershus i Christiania på ca tre timar. 

Les meir

Video

Vil du vidare til post 6, koleragravplassen, går stien søretter til du finn grind i gjerdet ved Skiftesteinen.

Loading