Kulturhistorisk vandring 5

Busetnaden i grenda

Mehus

Busetnadsmønsteret me har framfor oss, er nokså representativt for norsk landsbygd på 1900-talet. Me talar om spreidd busetnad, og han er såleis ulik den meir konsentrerte landsbybusetnaden me finn som typisk i mange andre land.

Frå gamalt var ein gard ei brukseining, med ein brukar. I det skrinne landskapet her ute, med mykje berg og myr, låg gardane spreidde og folkesetnaden var liten. Den grenda me ser ut over no, utgjer eigentleg tre gardar, Nordtun, Mehus og Sønstabø.

Dei første brukarane bygdeboka kjenner namnet til, på 1500-talet, er desse: Gudelek pa Nortwna, Niels Mehuus, Tosten og Laffrens po Swnstebo. Desse fire karane, med eventuell huslyd, var det som utgjorde busetnaden då. Seinare vert gardane delte i fleire bruk, sist på 1800-talet finn me såleis tolv brukarar her. Når garden vart delt, innebar det at brukarane bygde kvar sine hus, men desse var samla i same tunet. Slik oppstod dei sokalla klyngjetuna som vart typiske for Vestlandet, nærast eit landsbymønster.

Gardsdelinga fekk fylgjer ikkje berre for busetnadsmønsteret. Då styresmaktene på 18-hundretalet tok til orde for ei effektivisering av jordbruket, var den bruksstrukturen som oppdelinga hadde skapt, med omfattande teigblanding, ein stor hemsko. Teigane var små og lite eigna for maskinell bearbeiding, og blandinga medførte eit omfattande nett av vegrettar og stadige samarbeidsomsyn til grannane. For å bøta på dette, vart det no sett i verk utskiftingsforretningar – i dag kalla jordskifte – på dei fleste gardar. Slik fekk kvar brukar samla si jord på ein stad og klåre grenser til grannen. Dette medførte også at dei gamle klyngjetuna måtte oppløysast og husa flyttast til sine respektive bruk. Slik oppstod den spreidde busetnaden me kjenner i dag. På gardane her skjedde dette omkring 1870.

So må me ikkje gløyma at det ikkje berre er gardbrukarar som bur i grenda. Me kjem i hug at ein og annan strandsitjar, eller husmann, også hadde heim her i gamle dagar. Me nyttar ikkje lenger nemninga husmenn om dei som ikkje eig jord, og i vår tid utgjer dei jordlause det store fleirtalet av befolkninga. Her i området, som andre stader, finn me dei busette på små eigedomar, parsellar med kvart sitt bruksnummer, utskilde frå eitt av hovudbruka. Dei gjev soleis også sitt bidrag til den spreidde busetnaden.

Om byggjeskikken
I tillegg til busetnadsmønsteret, er det også verdt å peika på nokre trekk ved byggjeskikken før og no. Når klyngjetuna var så store trass i eit forholdsvis lite folketal, hadde det å gjera med at kvar brukar hadde mange bygningar. Kort sagt hadde han eit bygg for kvar funksjon, til dømes stove, eldhus, stabbur, kjellar, løe, fjos, smalehus, stall og skjå. Dette bygningsmangfaldet ser me ikkje mykje att av i dag. Moderniseringa av gardsdrifta innebar også ei rasjonalisering av byggjeskikken. Den løa me kjenner frå vår tid, hyser gjerne alle husdyra i tillegg til vinterforet. Kjellaren vert lagd til sokkelen under stovehuset. Slik skrumpar bygningsmassen inn til nokre få hus i kvart tun.

Loading