24.10.2020

Korfor skal me grava i all den gamle driten

Kva er det å seia om desse «gamledagane» me so ofte viser til – lengtar me etter dei? Fattigdom, blodslit og svolt; sotter og sykjer som tidleg la folk i grav; vankunne og overtru; gapestokken der ho som fødde «uekte» avkom, kunne spyttast på; bøddelen si øks over halsen til han som var i høyet med feil kvinne – er det dette som nærer nostalgien vår?

Korfor skal me grava i all den gamle driten, spurde ein gamal granne – han er død no, men spørsmålet lever. Nei, det kan ikkje vera slikt me vil attende til når me drøser om sokalla gode, gamle dagar. Men det er gjerne ikkje unyttig å sjå seg tilbake og reflektera over kor godt eit samfunn me har fått å leva i. Det går på fram med oss. Og so spør me: Kvifor? Svaret kan vera lykt og stav for dei unge si ferd mot framtida – om ikkje anna.

Loading