Ved Vardavika

„Ingen har varda den vegen du skal gå“

seier sæle Olav H

og heller ikkje eg
meiner han
vil varda min veg

Ein skjønar nok då
det er sjølve Livet
han tenkjer på

koss ein der
– i rådlaust kår
kan gå seg vill

men på denne staden
her kor Døden rår
får merke og méd koma til

Einkvan er hauglagd
ved leia her
og han har varda
si siste ferd

tm13

Loading