Kulturhistorisk vandring 9

Torgeirsgjerdet

– kan me kalla inngjerdet der me no står, etter ein strandsitjar i Sønstabøvågen på 18-hundretalet.

Torgeir Torgeirson heitte han, ein 35 års ungkar frå garden Vermedal i Tysnes som tok teneste hos handelsmannen på Vorneset våren 1860. Truleg var han ein av dei mange lauskarane som deltok i vintersildfisket her ute, og som sidan fekk seg arbeid i land. Kona til kræmaren på Vorneset hadde ei yngre søster som heitte Berta, ho tente hos gjestgjevaren i Sønstabøvågen. 17. mai 1861 vart ho gift til Torgeir, også han hadde no arbeid hos Ole Mølstre.

Torgeir var i utgangspunktet “husmann utan jord”, som det heiter i folketeljingane. Han var ein dyktig og allsidig arbeidskar som husbonden hadde mykje nytte av, mellom anna dreiv han med dyrkingsarbeid i utmarka. Fem teigar opparbeidde han, og sådde poteter og korn. På det arealet som ikkje kunne nyttast til åker, hausta han vinterfôr til dei tre sauene sine. Me får høve til å sjå nærare på arbeidet hans når me kjem til post 15.

Her er dessutan meir å lesa om Torgeir og Berta.

 66 total views,  1 views today