Kulturhistorisk vandring 8

Naturlandskapet

På denne posten høver det å sjå litt på naturlandskapet omkring oss før me atter vender augo mot det menneskeskapte. Me kan ta utgangspunkt i ramma omkring, havet på den eine sida, og fjella på den andre, mellom desse to ligg det kystlendet som geografane kallar strandflata.

Strandflata
er ein kysttype me finn frå Rogaland i sør til Troms i nord. Landskapet er kjenneteikna ved eit lågt, småkupert lende, i nivå pluss/minus 50 m i høve til havet. Skjergarden vert soleis også rekna med. Mot landet innafor vert strandflata avgrensa av ein markert overgang til fjell. Dette mønsteret er særleg tydeleg frå Sunnmøre og nordetter. Størstedelen av arealet på Bømlo er å rekna som strandflatelandskap.

Strandflata hyser ein vesentleg del av busetnaden langs kysten, og mange stader kan ho tilby store, flate jordbruksareal. Dette siste kan knapt seiast om det lendet me ser for oss her. Her er det knausar, myr og skrinne jordflekker som dominerer. Den dyrka marka utgjer sjeldan store samanhengjande flater, og er ofte grunn og ulendt. Det er såleis lett å skjøna at det ikkje er jordbruk åleine som historisk har danna næringsgrunnlaget på Bømlo.
Vegetasjonen her på staden er sparsam – noko som delvis har beiting som årsak – og kallast gjerne lynghei. 

Generelt er norske landformer danna i kvartærtida, det vil seia dei siste to millionar åra med sine mange istider. Sidan isen i periodar let kysten vera i fred, kan me ikkje berre nytta breerosjon som forklaring. Det er nettopp i dei kyststroka som som lenge låg utanfor innlandsisen, at me finn strandflata. I tillegg til isen si graving, må me difor sjå havet sitt arbeid og forvitring som årsaksfaktorar.


Loading