Kulturhistorisk vandring 7

Storneshidlaren

Dei fyrste spora etter menneske på Vestlandet går tilbake til ca 10 000 år f Kr. Då var dei ytste kyststroka isfrie, og omstreifande fangstfolk heldt i periodar til i området vårt. Og me spør: Kor kom dei frå?

Då isen låg over Skandinavia, fann me på tundraen sørom – den tørrlagde nordsjøbotnen og nordre del av kontinentet – ein nomadisk veidekultur lik den me kjenner frå historisk tid lengst nord i landet vårt. Då isen drog seg tilbake og skogen tok over den tidlegare tundraen, trekte reinsdyrflokkane seg nordover til den isfrie kyststripa langs Vestlandet; jegeren fylgde etter.

Mange var dei nok ikkje, dei fyrste steinalderbømlingane. I Strilesoga (bd 1) drøftar professor Svein Indrelid denne problemstillinga. Ved å dra parallellar til nyare tids fangstkulturar i arktiske område, konkluderer han: «Eit par-tre familiegrupper over ein periode på nokre få hundre år er nok til å forklara alle dei buplassar me har funne i Nord- og Midthordland frå denne tida (9–10 000 år før vår tid)». Ut frå hans vurderingar kan me såleis tenkja oss eit einsifra tal menneske på Bømlo i dei periodane det i det heile fanst folk her. Seinare i steinalderen, må me kunna forestilla oss at her var større trafikk i skjergarden, verksemda som var knytt til steinbrota på Hespriholmen vitnar om det.

Skiljet mellom eldre og yngre steinalder er vanlegvis grunngjeve med overgangen frå ein einsidig jakt- og fangstkultur til jordbrukskultur. Det vandrande veidefolket vert buande, altså bonde. Me reknar at jordbruket kjem til landet vårt omkring 4000 f.Kr., men då til Austlandet. Først halvanna tusen år seinare finn me spor etter jordbruk her vest hos oss.

Skuleklasse frå Meling

Korleis budde dei, steinalderkvinna og mannen hennar? Det er to slag buplassar ein talar om frå denne tida. Mest vanleg var nok den opne buplassen, med telt eller anna primitivt husvere av organisk materiale. Desse “anlegga” er rimelegvis forlengst forvitra, og buplassane vanskelege å påvisa i lendet.

Somme stader baud naturen sjølv fram høvelege husvere: bergholer og hellerar. Storneshidlaren, som me no står ved, er ein slik buplass. Omkring 1985 vart her funne ei grønsteinsøks, som ifølge Historisk museum i Bergen er minst 4000 år gammal, altså frå yngre steinalder. Den gongen stod sjøen 6–7 meter høgare enn no, og hellaren låg dermed like over flodmålet, noko som er typisk for steinalderbuplassane.

Øks frå hidlaren (Foto: Bergen museum)

Båten, korleis han no var utforma, var ein sentral reiskap hos oss, då som seinare. Som fangstfolk var forgjengarane våre stadig på farten, difor ser me ikkje på buplassane som permanente, men heller som periodiske opphaldsstader.

Sist folk heldt til i hidlaren her, var forresten under krigen. Ei gruppe flyktningar gøymde seg her medan dei venta på båt til England. Mat fekk dei bore ut til seg om natta av folk i lokalmiljøet.

Video

Loading