Kulturhistorisk vandring 6

Koleragravplassen

Sommaren 1848 kom det melding frå Christiania om at ein koleraepidemi var på veg frå Austen. 10. desember døydde ei kvinne i Bergen av sjukdommen, og fram til april 1849 vart det registrert 605 koleradøde i byen. Eit tilsvarande tal døde var det på bygdene i Hordaland.

Epidemien kom til distriktet vårt på den verst tenkjelege tida. Vintersildfisket samla mykje folk frå mange bygder. Fiskarane budde trongt, og dei sanitære forholda var primitive. Desse tilhøva gav farsotten god bør. Fyrste dødsfallet i Finnås prestegjeld fann stad i Espevær 8. februar, ein mann frå Tysnes. Sykja spreidde seg mellom fiskarane og deretter til heimbygdene deira, til eit maksimum i slutten av februar. I Finnås vart det registrert 67 koleraoffer: 4 i Moster, 32 i Bremnes, 10 i Bømlo og 21 i Sveio sokn. 

Det vart oppretta særlege gravplassar for koleradøde, dette hadde å gjera med smittefrykt. Ein meinte det var fare for smitte når ein på kyrkjegardane skulle ta opp nye graver der det tidlegare var lagt koleralik. Fem slike gravplassar finst på Bømlo, ein av dei står me ved no. Epidemien fekk ikkje det omfanget ein frykta, tre kvinner vart jordfeste her.

Under den andre verdskrigen vart to tyske flygarar, som havarerte utanfor Sønstabøvågen, gravlagde her. Dei vart seinare henta til Bergen, men grava er framleis synleg ved sør-austre hjørnet av gravplassen.

Gravferd og jordfesting
Dei tre kvinnene som kviler her, vart altså gravlagde tidleg på våren 1849. Gravplassen vart vigsla fyrst i byrjinga av juli månad, då vart også dei døde jordfeste. Det var nemleg slik den gongen at presten ikkje nødvendigvis var tilgjengeleg ved dødsfall og gravferd. Den døde skulle i jorda seinast etter sju dagar, det var det familie og grannar som stod for. Seinare, når det høvde, kom presten til stades og utførte det kyrkjelege ritualet, såkalla jordfesting.

På bileltet til Erik Werenskiold – En bondebegravelse – legg me merke til at ein staur stikk opp or grava. Det er den såkalla prestepålen, som seinare, ved jordfestinga, vert dregen opp for at presten sine tre skuffer jord skal nå ned til kista.

Kyrkjegarden, ein heilag kvilestad
Med kristendommen vart det lovfesta at dei døde skulle leggjast i vigd jord. Kyrkjegarden, eigentleg området omkring kyrkja, vart ein heilag stad der dei som hadde kvalifisert seg for det evige livet, skulle få kvila fram til oppstoda. Sjølvmordarar, vranglærarar og andre som hadde gjort særleg alvorlege brotsverk, skulle gravast nede ved sjøen, ved flomålet. Dette gjaldt også dei som ikkje var døypte. Atter andre som var dømde for alvorlege brotsverk, fekk liggja på kyrkjegarden, men utan jordpåkasting.


Me skal på ein seinare post stansa opp ved ein eldre gravleggingstradisjon, då kan me reflektera vidare omkring dette temaet.

Les meir

Video

 257 total views,  2 views today