Kulturhistorisk vandring 3

Ved bøgarden

Det er eit jordbrukslandskap me går i, og temaet det gamle jordbruket vil fylgja oss gjennom heile vandringa. Det er tale om ein eldgamal kulturtradisjon som fyrst rundt midten av 1900-talet vart vesentleg endra, det allsidige sjølvbergingsjordbruket vart avløyst av eit spesialisert handelsjordbruk.

Sjølvbergingsjordbruket var kjenneteikna ved at det heilt ut var basert på dei lokale naturressursane. Når me no går ut i handelsstaden sitt oppland, høver det å reflektera over korleis gardbrukaren disponerte sitt areal, inn- og utmark.

Allereie i 1. Mosebok i Bibelen får me introdusert dei to driftsformene i jordbruket. Urbøndene Kain og Abel representerte kvar si driftsform, åkerbruk og husdyrhald, og kanskje hadde dei ikkje eingong delt farsbruket. I så fall var vel driftsopplegget mykje godt det same som det me var vane med på våre gardar.

Desse to driftsformene skaffa til veges det ein trong for livsopphaldet. Åkerbruket og fehaldet var nært samanbundne ved at husdyra skaffa til veges gjødsel til åkrane. På den andre sida konkurrerte driftsformene om det same arealet i og med at dyra trong både sommar- og vinterfôr. For å skilja åkeren og slåttemarka frå beitelandet, sette ein opp eit gjerde, bøgarden kalla av di det omringar bøen (innmarka) og er bygt i stein.

Her me no står, ved bøgarden, grensa mellom inn- og utmark, er det naturleg å peika på nettopp desse to omgrepa.

Innmarka utgjer den beste jorda, ho er dyrka og brukt til åker og eng. Dyrkinga innebar at ein rydja marka for laus stein – noko rydjingsrøysane vitnar om, og at ein grøfta ut våtlende. Åkeren gav korn og seinare poteter, på enga hausta ein vinterfôr til dyra.

Rydjingsrøysar

Utmarka er det skrinnare arealet som vanskeleg let seg dyrka og som difor vart nytta til beite. Me skal seinare sjå at marka også hadde andre ressursar å tilby. Om sommaren var innmarka freda for husdyr ved hjelp av bøgarden; kyrne gjekk i utmarka, og sauene på holmane. Utmarka ligg i dette tilfellet som ein vid krans kringom bøen og busetnaden i grenda.

Me ser altså at bøgarden var ei praktisk innretning som bidrog til å effektivisera jordbruket. Dette kom også til uttrykk ved at statlege styresmakter ved jordregistreringa av 1668 gav mange gardar pålegg om «Jorden at indhegne». At garden vår ikkje fekk slikt pålegg ved dette høvet, kan me truleg tolka som at gjerdet då allereie var kome på plass.

Loading