Kulturhistorisk vandring 2

Postvegen til Kråkestø

Hausten 1863 vart Bremnes postkontor oppretta hos Ole Mølstre i Sønstabøvågen. Posten kom dei fyrste åra to gonger i veka frå Mosterhamn via Kanalen. Posta-Lars’n,  den fyrste postføraren på denne ruta, rodde frå Kanalen til Kråkestø, ei lending ute i marka sør for oss. Her steig han i land og gjekk gjennom marka til gjestgjevarstaden. På eit høgdedrag like før han kom til gards, bles han i posthornet for å melda at han var i kjømda.

Kråkestøterminalen

Postvegen var ei viktig ferdselsåre for bygda her ute, faktisk hovudvegen å rekna, landverts. For å koma til lensmann og prest, var dette beinaste vegen om ein ikkje ville slita tofta heilt innanfrå vågen. 

Ventar på posten

Me fylgjer Postvegen langs Jakobshaugen før me går opp i Storneset.

Meir å lesa her

 154 total views,  1 views today