Kulturhistorisk vandring 19

Blidensol

– heiter det her. Bakkane er sørvende, solrike og skjerma frå den kalde nordavinden. Her har ein rydja åker, og det tykkjest rimeleg å setja åkerbruket i samband med den driftsforma me var inne på nede ved utefjosen. Og so budde det ein gong ein strandsitjar her ute også, han var los (Bømlo bygdebok 1 s 426, nr 50).

I det øvste inngjerdet kan me enno sjå konturane av åkersenger. Det seiest at siste året ein sette poteter her, kom ikkje avlinga or jorda; åkeren grodde sidan til slik han låg, uhausta. Dermed var endå eit kapittel i soga om det gamle utmarksjordbruket kome til endes.

Mot sør


Kva står me so att med av denne lange jordbrukstradisjonen? Jo, smalen beitar framleis her ute. Dei har marka for seg sjølve, sommar som vinter, og held sin del av kulturlandskapet i hevd. Resten står som minnesmerke for oss som søkjer rekreasjon og identitet gjennom markaturane våre.

Takk for fylgjet!

TIL KARTET

Loading