Kulturhistorisk vandring 18

Grava og strandlinja

Havnivået har variert etter istida, det kan me få vitnemål om her.

Gravrøysa ved Fiskabrudn er mindre og meir smålåten enn den førre me studerte, men ho kan kanskje vera oss til hjelp i dateringsarbeidet. Arkeologane hevdar altså at gravrøysane langs kysten skriv seg enten frå tidleg bronsealder (1800-1000 f.Kr.) eller sein jernalder (500–1000 e. Kr.) I tidsbolken mellom desse periodane, var skikken at dei døde vart brende og ikkje lagde i røys.

Om den røysa me ser her, seier Per Fett (Historisk museum, Bergen 1973) at plasseringa er uforståeleg om ein ikkje føreset skipsferdsle i sundet, dvs. dalføret nedanfor. I dag ligg dalbotnen eit par meter over havnivå. Skal her vera skipslei, må vatnet stiga minimum fire meter over dagens nivå. Denne situasjonen må me minst 3000 år tilbake for å finna. Om arkeologen sin premiss er haldbar, kan altså dette tyda på at gravrøysa skriv seg frå bronsealderen.

Loading