Kulturhistorisk vandring 17

Torvmyra

Torv er generelt nemning på planterestar som på grunn av manglande tilgang på luft ikkje har vorte fullstendig nedbrotne til mold. Torv finn me i myrlende, der grunnvatnet står så høgt at det dekkjer mesteparten av det organiske materialet som ligg oppå berggrunnen. Øvst har myra vegetasjon over eit skikt med humus, djupare nede finn me torv. Det store karboninnhaldet i torva som har gjort henne til ein aktuell  brenselsressurs.

Arbeidet i torvmarka gjekk føre seg på forsommaren, før slåtten. Ei veke rekna ein gjerne at onna tok. Torva vart lagd til tørk utetter sommaren, og sidan lødd inn i torvhuset før hausten sette inn. Utetter hausten og vinteren var det å gå med kipa meir eller mindre dagleg og bera torv til husar.

Det var nok lite torv å henta i den marka me har ferdast i, men ei myr med tydelege spor etter torvspaden finn me likevel her me no står.


Etter siste verdskrigen kom det kol på marknaden, og dermed vart ikkje brennetorva lenger etterspurd.

Her er meir å lesa om emnet.

Loading