Kulturhistorisk vandring 15

Utmarksjordbruket

Du har no teke deg opp i Vestra neset, som me kallar det, og på nytt stige inn i eit utmarksgjerde. Lendet er skrint og lyngdekt med steingardar, og skjergard utanfor. Stikkord vil her vera dyrkingsteigar, beitebruk og lynghei. 

Dyrkingsteigen
– her me no står, er opparbeidd av rydjingsmannen me har møtt før, Torgeir, det kan me sjå av murarbeidet som er gjort. Han var flink med hendene enten han hadde tre eller stein som emne.

Utsida av steingarden er tett og jamn; det tek seg godt ut for turistaugo, men det estetiske var neppe det viktigaste for muraren. Det får me hint om ved å studera innsida av muren, her er nemleg ikkje arbeidet like forseggjort. Garden skulle halda dyra unna teigen, ei jamn og glatt utside gjorde det vanskeleg for dei firføtte å ta seg over. På innsida var det derimot ikkje så nøye korleis garden vart utforma. Dei husdyra me talar om i denne samanhengen, var storfeet, ikkje dei meir spretne og viltre sauene. Dei sistnemnde vart sende på holmane om sommaren, og storfeet var den gongen slett ikkje så stort som i våre dagar. Dermed var nok gjerdet effektivt nok må me tru.

Kva inneheldt så dyrkingsteigen? Utan tvil har her vore åker for poteter eller korn. Me veit frå folketeljingane at Torgjer sådde begge delar. Me legg merke til at det er vesentleg djupare jord her enn utangjerdes. Hit har nok rydjingsmannen bore inn mold frå myrhola omkring, tang frå sjøkanten og kva som elles måtte finnast til jordforbetring. Under jorda har han lagt opp kisteveiter for å drenera ut teigen. Om ikkje alt arealet var eigna til åkerland, kan me tenkja oss at resten vart nytta til slått, ein måtte vera nøysam også når det gjaldt å skaffa vinterfôr til dyra.

Beitebruken
Som nemnt gjekk her ikkje sauer i marka om sommaren, dei hadde sommarbeite på holmane. Like utanfor her ligg til dømes Komløynå, ei øy som har vore nytta til sauebeite i uminnelege tider. Øya er felleseige mellom gardbrukarane her ute, og frå gammalt finst ein skriftleg avtale om kor mange dyr den enkelte bonden kunne setja ut for sommaren. Det er tydeleg å sjå av vegetasjonen kva for holmar som vert nytta til beite og ikkje.

I utmarka elles var det kyrne som fekk nyta godt av graset om sommaren, då var innmarka freda med tanke på hausting av vinterfôr. Når hausten kom, og storfeet og åkeravlinga var i hus, vart smalen henta heim og fekk overta marka. Grasvoksteren hadde no teke slutt, men då er det så viseleg laga at lyngen kjem til nytte som fôrressurs.

Lyngheia
Det marine klimaet, med sin milde vinter, gjev kystjordbruket andre vilkår enn innlandsjordbruket. Medan det vinterkalde og snødekte innlandet påfører bonden ein lang innefôringssesong, kan kystbonden la dei mest hardføre husdyra, det vil seia sauene, gå ute heile vinteren. Dette stiller mindre krav til smalehus og særleg til forrådet av vinterfôr. Føresetnaden er naturlegvis at dyra finn mat ute, og det gjer dei dersom marka har lyng å by på. Medan graset visnar og tapar sin fôrverdi om hausten, er det ikkje tilfelle med røsslyngen. Han vert ståande som eit næringsrikt matfat vinteren igjennom. I tillegg til dette kjem at lyngplanta kan veksa på særs skrint og næringsfattig jordsmonn, som det me helst finn her på staden. Opp gjennom tida har såleis lyngheia vore av stor verdi for småfehaldet langs kysten. Namnet røsslyng fortel oss forresten at planta også har vore nytta til hestefôr.

Langt attende i historia, eit par tusen år, var store delar av kysten skogkledd. Sidan har denne skogen forsvunne, og med det me veit i dag, ligg årsaka til dels i at bonden har svidd han av for å omdisponera areala til lyngbasert beiteland. Slik kunne han halda liv i ein langt større buskap enn før. Dette fortel oss at lyngheia eigentleg er eit kulturlandskap. Lyngheia finst i Noreg som eit typisk kystlandskap, og i eit større perspektiv som del av ein samanhengjande vest-europeisk landskapstype me kan følgja frå Portugal til Nord-Noreg inklusivt dei britiske øyane. Lyngheia som kulturlandskap er i europeisk samanheng sterkt på retur i våre dagar etter som beitebruken avtar i dei fleste landa. Då kjem skogen tilbake.

Når lyngheia skal skjøttast, inneber det aller helst intensiv beiting, det skjerpar fôrkvaliteten. Får lyngen veksa seg stor og gamal, mistar han fôrverdi og vert ikkje nytta av dyra. Då er det på tide å setja fyr og svi han av, for slik å få fram ny lyng i marka. Lyngsviing har lange tradisjonar langs kysten, som eit innslag i sjølvbergingsbonden sitt økologiske driftsopplegg. Det har også vore vanleg å slå lyngen med ljå og nytta han som tilskotsfôr i vårknipa.

Loading