Kulturhistorisk vandring 14

Gullkronevikjå

I Gullkronevikjå vil me rasta, og kan henda bada, tilhøva ligg til rette for det.

Trass i det opne lendet me har ferdast i, finn me her ein liten skogteig. Her er det ikkje snakk om det ein kallar naturleg skog. I uminnelege tider har beitelandskapet ytst på kysten vore skoglaust. Berre røter i myrane vitnar om andre tilstandar.

På 1950-talet fekk kommunar flest skogreisingsplanar, der målsetjinga var å fremja skogbruket som nasjonal inntektskjelde og å auka bøndene si sjølvforsyning med skogvyrke. Skogplanting vart stimulert gjennom gode økonomiske tilskotsordningar. Frå Amerika vart sitkagrana innført av di ho var rasktveksande og hardfør i møte med kystklimaet. Frametter mot 1980-talet vart mykje slik granskog planta på Bømlo, noko av han ser me her ved Gullkronevikjo.

I ettertid er det kome til uttrykk ulike vurderingar av denne skogplantinga. Eitt kritisk synspunkt er til dømes at granskogen, særleg sitkagrana; er eit framandelement i det tradisjonelle kystlandskapet. Andre peikar på at granskogen har gjeve busetnaden eit betre lokalklima, i form av livd.

Loading