Kulturhistorisk vandring 11

Svovelkisbrotet

Den bergarten som dominerer her omkring, kallast gabbro og er ein mørk, eruptiv djupbergart. Historisk er han ein rest etter gammal havbotnskorpe frå tida før den kaledonske fjellrekkjefoldinga for ca 400 millionar år sidan. Lenger nord kan me sjå at berggrunnen er prega av den lysare djuperuptiven granitt.


Dei lyse komponentane me ser i berget her, er kvarts, eitt av dei mest utbreidde minerala me kjenner, her til dels i rein form. I kvartsgangane finn me dessutan ertsmineralet svovelkis.

Uttak av svovelkis
På siste halvdelen av 1800-talet vart mykje arbeid gjort for å kartleggja økonomisk interessante mineralressursar. Mange stader på Bømlo freista ein seg med bergverksdrift, best kjenner me til gulldrifta på Lykling.

I 1881 skreiv eit firma i Bergen kontrakt med handelsmannen i vågen om utvinning av svovelkis, eller kråkesølv som det meir folkeleg vert kalla, her ved Kråkevikjå. Svovelkis var råstoff for produksjon av svovel. Forekomstane av mineralet var mange og tydelegvis rikare andre stader enn her, for drifta var kortvarig, etter naturinngrepa å døma. Me ser at ein har sprengt ut noko berg og bygt veg ned til sjøen. Malmen vart truleg lasta via ei trerenne om bord i skip og førd bort for foredling.

I ein vidare økonomisk samanheng, merkar me oss at dette skjedde på eit tidspunkt då bygdene her vest opplevde ein lågkonjunktur på grunn av at vintersildefisket for lengst hadde teke slutt. I ein slik situasjon var det naturlegvis stor trong for å finna nye næringsvegar attåt jordbruket, men noko eventyr vart det altså ikkje av skjerpinga her på staden.

Loading