Ulukka ved Brømsund

Miste mor, bror og bestefar i -28

Av KRISTINE SELE

Den 20. januar 1928 miste Oskar Krunenes både mor, bror og bestefar i ei båtulukke utafor Sønstabø på Bømlo. Også ein fjerde person omkom.

Krunenes, som var knappe fire år den gongen, fortel at han hugsar ikkje mykje av det som skjedde.
– Men eg hugsar litt av gravferda. Mellom anna hadde dei svarte kister den gongen, minnest han.
  Familien hans var ombord i skøyta, på veg frå Krunenes på Goddo til lækjar på Finnås då ho dreiv på land og vart knust mot eit skjer ved Brømsund vest av Sønstabøvågen. Dette er eitt av dei verste havstykka langs kysten.
– Bror min, Sverre, var to år. Han hadde truleg brekt ein fot. Derfor ville mor til til lækjar med han. Erik Korsnes, som var i 30-åra, tok på seg å føre henne til Finnås, der lækjaren heldt til den gongen. Bestefar, Sæbjørn Krunenes, og Årstein Hillesøy var med på turen. Far min, Arne Krunenes, var på sildefiske.

Motorstopp
– Det var dårleg vêr og høg sjø. Då dei kom utfor Brømsund slo motoren klikk og båten dreiv innover mot skjera. Årstein Hillesøy rodde ut med småbåten som skøyta hadde med for å prøve å buksere skøyta klar land.
Båten han var i vart kasta opp på eit skjer. Hillesøy prøvde å halde skøyta frå skjeret med eit tau, men ho rak innover og vart knust. Alle dei fire om bord omkom.
Hillesøy vart ståande heile dagen på skjeret før han vart redda. Då var han svært medteken og forfrosen, fortel Krunenes, og viser meg eit utklypp frå Haugesunds Avis frå 22. januar 1928.


Oskar Krunenes (1924–2005) på åstaden 70 år etter ulukka (Foto: Kristine Sele)

Deltok i redninga
Ein av dei som var med på redningsarbeidet var Odd Meling. Han var 13 år den gongen og budde vest på Melingsgarden.
– Det fyrste teiknet til forliset fekk vi då vi sat ved middagsbordet. Vi såg at det rak noko til lands. Bror min Nils og eg rodde ut og fann m.a. ein  oljetank. Den tok vi til lands. Etterpå rodde vi ut saman med far vår, Ole. Vi fann ein del rak, men såg ingen ting som varsla oss om at det hadde skjedd ei ulukke. Men far var uroleg utover dagen og sende bror min og meg i utmarka for å sjå utover havet. Då oppdaga vi ein mann på skjeret. Vi fekk far med oss og rodde utover. Då hadde vinden auka til full storm og det var vanskeleg å ro utover. Men vi greidde å få han i båten, og det var i siste liten. Sjøen var byrja å slå over skjeret, mannen var våt og kald. Vi såg ingen av dei andre, men reiste ut att om søndagen. Då fann vi barnet. Mora og han som førte skøyta vart funne etter eit par dagar, fortel Odd Meling, og seier at dette gjorde eit kolossalt inntrykk på han den gongen.
– Per Meling laga kiste til den vesle guten og kista stod på garden hjå oss til dei andre vart funne. Dette er eit minne som alltid vil fylgje meg, seier han.

Frå Haugesunds Avis, 19. januar 1998

 

 Meir å lesa

  

  

  



Loading