Tang og tare

Indtægter af Tang og Tarre forbliver fælles … 

Det er eit uskiftingsdokument, datert Sønstabøvågen 1847, som formulerer overskrifta ovanfor. I sin opphavlege samanheng nemner utsegna ressursar som ikkje vart delte ved jordskiftet. I vårt høve nyttar me henne som dokumentasjon for biinntekter for bøndene midt på 1800-talet, og som utgangspunkt for eit lite studium av tang og tare sin plass i næringsøkonomien på garden.

Aller fyrst er det kanskje på sin plass å minna om at dei offisielle nemningane tang og tare ikkje finn seg til rette i vår munn, me talar helst om tong og skråma.

Det er ein lang tradisjon at kystbonden nytta sjøvekstar som fôrtilskot for husdyra, og som gjødsel på åkrane. I grunnlagsdokumentet for matrikkelen frå 1866, kan me til dømes lesa i rubrikken Adgang til Fodersurogater at gardbrukarane her disponerte skråma til 1/2 Ungfæes Foster. Denne bruken av algevekstane går me likevel utanom i denne framstillinga, for her stiller me spørsmålet om korleis tong og skråma kom inn i pengeøkonomien til oppsitjarane.

Spørsmålet kan gjevast eit rimeleg eksakt svar. Omkring midten av 1700-talet byrja ein å produsera glas i landet vårt. For glasverka var soda ei nødvendig råvare, og soda kunne framstillast av oske frå skråma. Tarebrenning vart ei attåtnæring for bøndene ved sjøkanten. Om lag eit hundre år seinare, ca 1870, vart også jod eit etterspurt produkt av tarebrenninga. Det er nok inntekter frå sal av oske utskiftinga frå 1847 har i tankane.

Taren vart skoren med sigd eller ljå på fjøre sjø, og brend meir og mindre rå. Dette føregjekk mykje godt gjennom heile året so sant vêret tillet det. Oska samla ein opp og selde, noko til innalandsk forbruk, men mest til eksport – til England. I omfang synest brenninga å ha hatt ein topp omkring år 1800. Dette året vart det berre frå Kristiansund og Molde eksportert til saman 1 500 tonn oske (– jf. Aasland s 23).

Tarebrenninga fekk ein blanda velkomst blant kystbefolkninga. At her var utsikter til kjærkomne inntekter, var naturlegvis gledeleg, særleg i år med dårleg fiske. Men so vart den tanken påkomen at det var skråmebrenninga som var skuld i at fiskeria svikta, at ho beint fram skræmde fisken bort frå kysten. Det vart hevda at røyken la seg som ei hinne på sjøen, langt til havs, og at fisken gjekk ned og bort frå desse røykbefengte farvatna. Eit praktisk problem var det dessutan at røyken gjorde det vanskeleg for fiskaren å meda. Fiskeriet var no tross alt viktigare for folk og land enn slike moderne påfunn, skulle ein meina. Som om ikkje dette var ankepunkt nok, var det dessutan ei vanleg meining at skråmerøyken også var skuld i det dårlege vêret som skapte avlingssvikt og uår omkring hundreårsskiftet. Og enno har me ikkje nemnt den fælslege lukta som følgde denne fordervelege geskjeften. Innvendingane mot tarebrenninga tagna likevel etter kvart, både som resultat av vitskapleg motbør og av den kjensgjerninga at fiskeria i periodar tok seg monaleg opp, som før, trass i skråmerøyken.

Under krigen 1807–14 låg verksemda for det meste nede, og etter krigen braut marknaden for skråmebasert sodaproduksjon etter kvart saman; alternative og meir rasjonelle produksjonsmetodar tok over.

Seinare på 1800-talet, frå omkring 1870, fekk tarebrenninga ny aktualitet, no gjaldt det framstilling av jod. Det vart vanleg å tørka skråma før brenning, og sesongen vart med det avgrensa til sommarhalvåret. Dette kapittelet i skråmeoska si kommersielle historie tok slutt på 1930-talet. Då var prisen for oske komen ned i fem øre kiloet, noko som gjorde arbeidet uinteressant for leverandørane.

Kva veit me so om tarebrenninga langs strendene våre? Altfor lite, naturlegvis, men nettopp teksten i den nemnde utskiftingsforretninga av 1847 tyder på at ein også her på garden har hatt inntekter av slik verksemd. Jordskiftedokumenta frå 1870-åra derimot nemner berre tang og tare som ressursar for husdyrhaldet. Frå 1900-talet har me indikasjonar på at her ikkje har vore kommersiell bruk av skråma so seint som i mellomkrigstida. Meir om det seinare.

Me vender tilbake til overskrifta: Kva tyder ho? Korleis vart inntektene av tarebrenninga handtert blant oppsitjarane? Me må oppfatta utsegna i jordskiftedokumentet slik at algeførekomstane langs landet vart rekna som ei felleseiga grunneigarane imellom, fordelt etter kor stor landskyld kvart bruk hadde. Og då er det vidare grunn til å tru at ein måtte svara avgift til fellesskapen av dei inntektene tarebrenninga gav. Den tradisjonelle fordelinga av landsluten gjev oss truleg ein peikepinn om korleis dette har gått føre seg.

Produksjon av alginat
I nyare tid, det vil seia etter 2. verdskrigen, har tong og skråma vore salsobjekt i mindre foredla form, som råstoff for nye industrielle formål. Dette blir temaet i den vidare delen av framstillinga. Og no kan me stø oss til lokale, skriftlege kjelder, såvel som til munnlege.

Då grunneigarane på garden møttest på krambua i Sønstabøvågen for å dela landslut i august 1954, vart spørsmålet om retten til sjøvekstar teke opp til diskusjon, og likeeins om det skulle svarast landslut av slikt. Forsamlinga vedtok å avgjera spørsmålet ved eit seinare høve. Dette kan tyda på at problemstillinga vart opplevd som ny for gardbrukarane den gongen, at denne ressursen ikkje hadde vore nytta kommersielt i deira tid. Fleire av oppsitjarane var godt oppe i åra og skulle ha kjent til eventuell praksis, i alle fall i mellomkrigstida. Ved eitt høve seinare nemner landsslutprotokollen at det er innbetalt landslut for skråma, det var så seint som på 1960-talet. Ein hadde då tydelegvis kome fram til ei ordning i saka.

Fram mot, og under den andre verdskrigen vart det gjort mange freistnader på å utvikla nye industriprodukt av tare. Eit drammensfirma, A/S Protan, etablert av gründeren Haakon Kierulf, byrja å framstila såkalla alginat på basis av fingertare. Mauritz Sønstabø fortel at i året 1953 vart han og Ørjan Ørjansen hyrde av Protan for eit tokt nordetter kysten, leia av Kierulf,  for å prøva ut behandlingsmåtar for skråma, og for å knyta kontaktar med potensielle råstoffleverandørar. Utettetter 50- og 60-talet hadde firmaet på det meste ca førti tørrtaremottak langs kysten, mellom anna i Sønstabøvågen, for å skaffa verksemda råstoff. Her leverte skråmeskjerarane bergtørka fingertare som sidan vart skipa til Drammen for foredling. Sist på 1950-talet var leveransane av bergtørka skråma ca. 1 400 tonn årleg. 

Etter kvart gjekk ein over til å nytta rå skråma som råstoff, og på 1970-talet vart det slutt på handskjering av tare; råstoffsankinga vart mekanisert m. a. ved hjelp av ein trålliknande metode. I Sønstabøvågen vart mottaket avvikla på siste halvdelen av 60-talet.

Fingertaren, som var den aktuelle algearten, veks heilt ute ved havet, og vart skoren med stuttorv på fjøre sjø. Skråmeskjeraren måtte alltid orientera seg på tidevasstabellen, og verksemda var naturlegvis svært vêravhengig. Skråma vart so vodla på berg og snudd gjerne fleire gonger før ho var so tørr at ho var leveringsklar. Når skråma var sprø og kunne knekkjast med fingrane, var det å vondla henne saman i børatau og ro henne inn til mottaket.

Det var ofte me unggutane som fekk jobben med å vinda inn skråma og vega henne på bismarvekta før lagring. På ettersommaren kom so M/S Protan, med skipper Oscar Nilssen, frå Espevær for å føra råstoffet til alginatfabrikken i Drammen. Nokre år vart taren pressa i ballar før levering frå vågen; skråmepressa, einaste synlege minnet om denne verksemda, er framleis å finna på søre sjøhuset i Sønstabøvågen.

Kjelder:
Hans Nerhus: Ei sjeldsynt bok frå 1777 (Sunnh. Årbok 1945)
Trond Aasland (red): Utfordringen fra havet (Pronova Biopolymer A/S, 1997)
Landslutprotokoll for Sønstabø
Mauritz Sønstabø

tm98

 586 total views,  2 views today