Kjøl

På strandvollen

Ein gong var det breen og havet
som arbeidde her
og enno var ikkje tanken tenkt
at bufe skulle beita vollen
om lange millennium – og mange

Å røkta sin buskap
La tankane driva
som skyer
over skiftande tider

Vega sine dagars verk
– i kvardag og kall –
eins eige vesle tilfang
til historia

Og i morgon …

 

tm 12

 634 total views,  4 views today