Segn

Notabasen på Hallaråker reiste til Smørsundkjerringa

På husmannsplassen Krokane ved Smørsund i Sveio budde Smørsundkjerringa på 1800-talet. Ingebrigta, også kalla Brita, var namngjeten på Vestlandet av di ho sagdest vera synsk, ho døydde i 1861. I Sunnhordland årbok 1927 skriv R. Reidarson om henne: Ho Brita kunne meir enn mata seg. Ho kunde «åbenbare skjulte og hemmelige ting», ho kunde visa fram tjuvar og kjeltringar, og ho kunde fortelja kor tapte eignaluter var å finna att. Ho Brita var ei klok kona, med ein eller to sansar meir enn dei vanlege fem. Men brennevin måtte dei alltid ha med til henne, elles kunde ho ingenting fortelja.

Reidarson fortel om ein notabas som oppsøkte henne, i Bømlo bygdebok ( bd 1 s 670) vert denne forteljinga knytt til Rasmus-Ola’n på Hallaråker (1819–1915):

Smørsundkjerringi lika slett ikkje at dei kom og spurde henne ut um alle slags ting. Ho hadde sine spesielle gåver i å rettleida folk når det var eitkvart dei hadde mist eller som hadde kome vekk for dei på annan måte. Men var yvertrui hjå folk altfor sterk, so dei trudde henne til å kunne sjå livsens lagnad og lukka, slike ting som ho visste at berre Vårherre rådde for, då kunde ho stundom narra dei stygt.

Ein notbas frå Hallaråker hadde slik sterk tru på Brita sine gåver, har eg høyrt. Han kom og spurde henne um kor han helst skulde halda til med nøtene sine um vinteren, so han kunde få gjera eit drusteleg fiske. «Du Brita som kan åbenbare skjulte og hemmelige ting», du kan nok sjå sildaferdene i sjøen, du veit no kva kastevågar sildi i vinter kjem tillands i», sa mannen. Brita skjegla burt på mannen, og so sa ho med ein lur smil: «Du skal berre passa vel på Vespestadvågen i vinter.»

Notbasen for heim velnøgd og vonfull. Til vinteren skulde han gjera varp i Vespestadvågen. Storsteng i sjøen, skillingar i setlaboki, luten i lomma. Det var sikkert som sild i lås alt det ho Brita sa. For han hadde reint ei «hundetru» på ho Brita, denne notbasen. Notkarar nutla han ihop, nøter av naust og nabb slengde han i båt. For blidan bør søretter han lenste til Vespestadvåg. Der la han seg kurr heile vinteren, og venta på syner og sild. Og sildi ho seig nordyver Sletta inn Bømlafjord og nord Bærøyfjord. Og vestanfor Bømlaland, i Espevær og Nord-øyane, var det sett steng i steng, og lås i lås. Men – inn i Vespestadvågen – der kom ikkje ei sild. Nei, ho Brita hadde narra han stygt.


Men notkarane vart harme på basen og lovde hemn. Og dei vart einige um at «toskeskap» og «trolltru» må med trollskap hemnast.


Notbasen bygde seg ny løda um sumaren. Då hausten kom med myrke netter, vart det eit leven og læte kring tun og løda so det var kje måte på det. Det kvein og kvinka, det hiksta og hulka, det murra og knurra og trakka og labba kring alle nover um kveldane. Små tussar med raude pinnahuer og stygge andlet kika gjenom glasrutene og ropa han ut, dei underjordiske vilde snakka med han.

Og ut måtte han kor redd han var. «No må du flytta, fjosen i løda di», sa dei. «Som no er, kjem alt miget og siget og landet frå kyrne dine ned på bordet vårt; for du har sett fjosen din nett yver stova vår. Dukar og mat og matfat vert øydelagd for oss, so det er reint syrgjeleg tilstand. Og vil du ikkje gjera dette, so skal du ha det att på kalvane dine. Dei skal få beinsott og bringesott, vass-sott og mjølkesott, raudsott og daudsott. Taur og vantrivnad skal fylgja buskapen din so lenge den fjosen står.» Ja, dei sa for meg at galningane fekk mannen til å flytta fjosen. Det lønte seg lite for han å tru på ho Ingebrigta.

tm 3.7.2022



Loading