Rapport frå ei sjøreise i 1994

Då M/S Granvin kom til Sønstabøvågen

Kva gjer me når me vil freista å nøra fellesskap og samkvem mellom gardsfolk? Jo, me kan praia M/S Granvin og senda bod rundt i stovene om at laurdag 11. juni legg dampen til kai i Sønstabøvågen. For første gong sidan Finnaas’n sine siglingar på 30-talet, skal ein ekte rutebåt siga inn til det gamle kræmarsetet innom Brømsund. Møter du fram, so får du deg ein skikkeleg mimretur, om ikkje heilt til bydn, so i alle fall til Espevær og Kanalen.

Og so gjer dei det. Klokka 9 ein gråstille sommarmorgon, trekvart hundre grannar og vener på vågakaien, ventande på dampen! Er ikkje augo litt blanke, mon tru?  Johan på 83, Mads Andreas på 0,3 og alle oss andre – pluss Tjorven. Generasjonane skal møtast, og tidene – gamal og ny. God morgon og forventning i ansiktet. Me ser på klokka. Reidar har gått i kamerastilling ute i neset. Scenen er klar.

Skuta er observert vestom landet, kan Magnus fortelja. Losbåten går ut – rett nok utan segl med raud duk denne gongen – og Ørjan gjer seg klar til å borda. Spenninga stig: Klarar ho Nordasundet? Klampen? Korleis skal det gå å snu henne? 

Håkon legg ekstra kraft på årene der han rundar Kariskaget med færingen. Har nok sett ei mast, han hastar slik til lands. So høyrest ropet frå haugane: No kjem han!

Den gamle fjordabåten rundar støtta og viser seg fram. – Kor diger han er! 
Han bakkar opp ved Klampen, spørjande mot  framand hamn: Har vågen vatn nok til meg? Men so tetnar røyken or pipa,  skuta tek fart og glir inn mot bryggja og alle dei salige augo. – Ein forsmak på paradiset, konstaterer Jostein.

Dampen legg til lands og eim av evje fyller vågen. Landgangen kjem ut og folket stimlar om bord. Små og store  på alle dekk, til arka er full. Den store reisa tek til. Andektig står det staselege skipet ut vågen. Breidd er her nok av i sunda, og djupn (– so veit me det), men høgda under himmelen er i knappaste laget.

Landet opnar seg og sjølvsikker stimar Granvin framom forsmådde forhalingsboltar og nakne vodleberg. Småskjero helsar vel til havs, og snart har me Larsaboane om babord. Han er godsleg i dag, annleis enn hin dagen i 1840 då nordtunslosane sette livet til her. 

Kaptein Gundersen ynskjer velkommen om bord, og deretter Tormod på vegner av tilskiparane. Kursen vert sett mot Skotningssundet. Nyvingane, siste utpost på sønstabølandet, sig i hav. Me reiser bort. Det er langt til Amerika.

Folket har gruppert seg på dekk; ser, studerer draft, peikar. Der ser me Lyklingholmane.  På dagen 284 år sidan i dag at Tordenskjold på austindiafararen Fridericus Quartus gøymde seg i Holmasundet i frykt for svenske kaparar som herja kysten i ufredstida. Det er Mauritz som kjenner historia. Lars’n fortel om då han oppunder jul 1942 reiste med rutegåande Sollys frå Sønstabø til Eltravåg. Det var vegen til Haugesund i dei dagar.

Granvin bakkar opp ved Hespriholmen og Ståle fortel om steinbrytinga her i eldre tid. Klokka dreg seg mot tolv og Espevær hamn ligg for baugen. Og kven står vel ikkje klar til å ta trossa enn den gamle emigranten heimanfrå. Har nok fortøydd båt før, Odd’n. Reisefølgjet  spreier seg.

Ein blindpassasjer hadde gøymt seg i lasta, kvardagshastverket. Me fekk for lite tid på oss i utværet her sør. Mangt skulle sjåast om, men ferda måtte halda fram. Snart kalla skipsklokka til ny seglas.

Kaffitraktaren putrar i fremre sters medan skuta rundar Bømmelhuk. Tett og god er atmosfæren i salongen, folket hyggjer seg. Me fossar oppover Børøyfjorden – han gjer stor fart veteranen, snart  har me kanalane forut. Ikkje spøk å gå tronge kanalen medstraums. 

Trøytarosen, Tuesundet, til havs. Ungane samlar seg i baugen. Over Nyvingsosen er siste sjanse til å få seg ein salt dåp. – Krabben hadde gode dagar den gongen rutebåten gjekk leia her, meiner den gamle fyrmeisteren.

Inn vågen grip eldstemann om bord mikrofonen og takkar for stor oppleving. Reisa er slutt. Med tomme ferdaskrin står me på kaien og ser dampen gå ut. Applaus. Skipperen vinkar. 

Det har visst begynt å regna.

26.6.94
Komløyklubben
v/Torleif

PS  Takk til mannskap og alle dåke som var med og gjorde turen ugløymeleg.

Loading