Pungskøyta

Fortøyd



For 60–70 år sidan var det mange som livnærte seg av å eiga ei lita skøyta med einsylindra oppfyringsmotor, gjerne Wichmann, men også Rapp, Union og Brunvoll var kjende  motormerke. Skøytene var drektige, som me sa, breie og gode for å føra mykje last; dei hadde også eit anna tilnamn, pungskøyta.

Aktiviteten til desse skøytene var mangfaldig. Dei kunne grabba opp skjelsand til veggrus (– forbode i dag), eller dei gjekk til Kiskaien i Sagvåg og blei lasta med gruvesingel, makadam, eit biprodukt frå malmutvinninga, som blei brukt på vegane og til grusing av leikeplassane ved skulane, gjerne i kombinasjon med skjelsand.

Om haustane gjekk dei inn i fjordane og henta famneved eller frukt og poteter som dei sjakra ut langs kaiane. Dei reiste også til Bergen og henta kol og koks. Alt vart selt på lokalmarknaden. Nokre deltok også i ulike sesongfiske.

Og så var det ein viktig aktivitet på forsumaren og hausten, føring  av sauer og lam til og frå fjellbeite i Kyrping eller Markhus i Åkrafjorden, eller Åkra på andre sida.

Bilete og tekst: Jan Willy Folgerø-Holm 17.06.21

Loading