Peccioli, 2017

To dikt ved helgemesse

I engelskleseboka på gymnaset stod to dikt frå Edgar Lee Masters Spoon River Anthology (1915); eg hugsar enno, eit halvt hundre år etter, at dei gjorde inntrykk på meg. Boka til amerikanaren inneheld gravskrifter, skrivne av dei døde frå den fiktive byen Spoon River. Under eit poesiseminar i Italia i sommar, møtte eg atter denne diktsamlinga, og etter vandring i den toskanske middelalderbyen vart desse gravskriftene sjangerførande for skrivinga mi den kvelden. Også mine personar er fiktive sjølv om byen ikkje er det.

Fabio, 1978 – 2009

Det var under den store sommarfesten
at me vart eit par
men eg gløymer aldri
fyrste gongen eg såg henne
– eller høyrde henne

Lyden av spisse, sjølvsikre hælar
– mot avmektig brustein
Handa 
– i sensuelt grep om vannflaska
Ansiktet
Angen

Ved kunstmuseet
i trengselen ved døra
stal eg eit streif av handa hennar
Då eg la meg om kvelden
kyste eg armen ho hadde rørt ved

men det var under sommarfesten
me blei saman
same året eg vart sjuk

Dino, 1923–88

Eg såg ein gong ein gamal mann
små, subbande steg gjennom gata
Ved hjørnet av Via Roma
stødde han seg til husveggen
før han sette ny kurs – mot baren

På benken utanfor fann eg han att
Det garva ansiktet under sikspensen
stirande tomt framfor seg

lenge

Sidan granska han hendene sine
fyrst den eine

so den andre

Etterpå vagga den falma, blå skjorta tilbake
same vegen

Då såg eg med eitt min eigen forhutla rygg
svinna inn mellom husrekkjene
berande mine utlevde hender
og mine visna forsett

Eg fortalde visst aldri denne opplevinga til Laura
heller ikkje når me stod ved grava til far
Og ikkje spurde ho kvifor eg støtt
var so sørgmodig

No er også ho åleine

Loading