Otrakammaren

Om namnet Otrakammaren

Namnet finst i ulike skriftlege versjonar. Peter Hallaråker skriv om Utrakamaren, medan heimelsmenn frå nærområdet helst skriv Otrakammaren, i samsvar med den lokale uttalen.

Hallaråker finn ikkje noko meiningsfull tyding av fyrsteleddet (utra-), men sisteleddet relaterer han til substantivet kamar (gamalnorsk kamarr) som har tydinga  do, dobenk, og viser til topografiske tilhøve i området. Eg er redd dette er ein blindveg.

Lokal tradisjon knyter fyrsteleddet til rovdyret oter. I eit minnenotat etter Maurits Sønstabø refererer han til stadnamnet Otradalshidlaren.  Me som ferdast i markene her ute, finn namnet meiningsfylt sjølv om det ikkje lenger synest vera i bruk, me nyttar namnet Otrakammaren.

Det er tale om ei oppdyrka myr, ein utslått, som ligg i eit dalsøkk avgrensa i sør av ein berghidlar. Når utslåtten har fått namnet Otradalen, er det rimeleg å tru at her ein gong har vore heim for oter. Grunnordet kammar vil eg føra tilbake til kammer (gamalnorsk kameri) med tydinga lite rom, kove, gøymestad. Oteren held seg helst nær vatn, i dette tilfellet sjøen, hiet har vel då vore ved Otrakammarvika.

Loading