Om veg, gjerde og grind

Hugs å lukka leet!

Når me ser attende på det bondesamfunnet som fostra oss, må også leet, eller grinda, få sin rettkomne plass i forteljinga; dessutan gjerdet og vegane. Det er frå eit dikt av Jan Inge Sørbø eg har henta overskrifta, ei velkjend påminning for dei fleste av oss.

Leet

Men hugs å lukka leet
ropa han etter guten
med ny ransel og rein skulebukse
på veg til det kvitmala huset
Lukk leet så ikkje sauene kjem
og et opp gulrøtene og kålen

Og hugs å lukka leet
ropa han då guten kom
heim med landkunne og bibelsoge
og Herodes som gjorde formastelse
og Vestland Vestland når eg ser deg slik
og hugs å lukka leet

Og han hugsa å lukka leet
då han gjekk ut og landsgymnaset 
venta og Garborg putla med jorda og
grov i Skrifta og Daniel Braut for
til Kristiania og lærde seg riksmål
Har du hugsa å lukka leet Han
hugsa å lukka leet

(Frå Babettes gjester, 1988)

Om hovudmotivet i diktet mot slutten kanskje tek ei biletleg vending, nyttar eg det her meir bokstavleg som introduksjon til temaet mitt.

Husdyrhaldet gjorde det nødvendig å hegna innmarka og halda gjerde i eigedomsgrensene. Innmarksgjerda vart gjerne kalla hågjerde, mellom inn- og utmark bøgjerde. I vårt opne, trelause kystlandskap var det stein som baud seg fram som gjerdematerial. Steingardane er viktige kulturminne hos oss i dag, på 1900-talet tok industriprodusert netting over. 

Grinda og eventuelt opninga vart også kalla eit le(d). Hesten stod ved leet og venta. Eg hugsar forresten at den godslege merra vår, Turid, lyfte grinda or leet med mulen når ho ville heim.

Ferdselen, både for folk og fenad, måtte ha sine vegar. Ein skilde mellom gangsti, køyreveg og reksterveg, sjoareveg, torvveg, stølsveg, vassveg, og dessutan bygdeveg og kyrkjeveg.

Sjoarevegen har sitt språklege opphav i det norrøne substantivet (sjø), med genitivsform (eigedoms-) sjoar. Nemninga sjoareveg er ikkje ofte i gardsfolket sin munn i dag, men me har skriftleg belegg frå 1920-talet på stadnamnet Sjoaredalen på Nordtun. Det gjeld dalføret ned til nausta i vågen. Mot aust er dalen avgrensa av Sjoarebròtet.

Særleg omfattande må vegnettet ha vore i tida før jordskifta på 1800-talet. Teigblandinga medførte at brukarane støtt måtte over grannen sin bø under onnearbeidet. Jordskiftedokumenta vitnar om korleis også vegrettane vart justerte og gjort ryddigare.

Offentleg veg var her ikkje tale om, og kvar og ein måtte skaffa seg dei vegrettane han trong. Der ein hadde rett til å gå, måtte ein syta for gangstigrind i gjerdet. Køyregrind måtte til om det var snakk om hest og kjerre. Når krøtera skulle drivast til og frå utmarksbeite, skjedde det via rekstervegen, også kalla rekkjet. Når rekkjet hadde gjerde på båe sidene, var nemninga ei geil, noko me enno ser i Mehusbrekkene.


I 1913 kom bøndene på Nordtun, Mehus og Sønstabø saman og vedtok ein minneleg avtale om fordeling av innmarksgjerda og grindehaldet på gardane, med bakgrunn i utskiftinga frå 1870. Til saman nemner avtalen 15 køyregrinder, seks gangstigrinder og ei rekstergrind. Handelsmannen i vågen var ikkje part i avtalen i og med at hans bruk var utskift tidlegare. Heller ikkje var gjerde og le i utmarka medrekna, så totalt var her nok over 30 grindahol å halda styr på.

Den offentlege vegen over grenda kom i 1908, me hugsar frå 1950-talet fire grinder som brødbilen måtte gjennom mellom Meling og Sønstabøvågen. Det var lukrativt å vera grindagut den tid, betalinga var ikkje stor, men sjølv den minste bilturen var attraktiv. Seinare kom feristene som gjorde det enklare for bilisten, medan grindaguten vart arbeidslaus.

Teikning av Carl Fredrik Diriks (1814–95)

tm23.09.2021

Loading