Om Stornesvarden og Brømsund

To lesarinnlegg i Bømlo-nytt, 5. og 24. januar 1996

Hans Meling:
Restaureringa av Stornesvarden

For ei tid sidan hadde Torleif Meling ein svært interessant artikkel i BØMLO-nytt om Stornesvarden. For dei fleste var dette fullstendig nytt, og syner kor snart hendingar vert gløymde blant folk. På Meling, der eg vaks opp, kalla me den for «Vågavarden». 

Vågavarden var eit framifrå godt méd, og sjølv kjenner eg til to fiskeméd som ein nytta. Eg var vel ein 12 år då eg fekk vera med farbror min og fiska etter auger (uer). Fyrst var me i Augersberje vest for Brømsundsholmen. Der fekk farbror 6–7 augrar medan eg ikkje avla fisk. Men det merkelege hende. Ei stund etter fekk eg like mange. Det var då eg spurde farbror kven som hadde murt opp Vågavarden. Jau, det var dei sluskane som skaut ut Søra Brømsund. Kva tid dette var, sa han ikkje. Gamlesmeden på Meling, han Lars – til vanleg kalla Larsasmeden, stod for kvessing av mineborane og hadde ei provisorisk smie oppunder ein fjellknaus på Melingslandet. Gamlesmeden var onkel til sjølvaste skipsreiar og statsråd Lars Meling i Haugesund. Eg hugsa han godt. Det var ein svært stor og sterk mann med ein profil som ropte avvei!

Brømsund var nok ikkje lagleg til kvar ei tid for dei som skulle arbeida der. Dykkar-hytta stod på ein liten avsats, og boltane som heldt henne står der framleis. Når ein ser dei store steinblokkene som dei har heist opp og murt på holmen, så tyder det at ein hadde nok ei kraftig krane òg. Dette sundet kunne etterpå nyttast av mindre fartøy, ja noko større skøyter òg når ein var gravkjend.

Sundet mellom midtre og søre Brømsundsholmane vert kalla Tjuvaholet. Her vart det ein gong utført eit mord som aldri vart oppklara. Ola fiskar, som då budde i Sønstabøvågen, var på veg ut for å fiska, det var visstnok vesle julafta. Han høyrde då eit forferdeleg skrik borti Brømsund, og vart fælen og rodde inn. Både mann og båt vart seinare funnen inne i Komlesundet, i Gullkronevikjo. Praten gjekk, og det kom lensmannen for øyra. Mannen vart groven opp og obdusert. Konklusjonen vart at han hadde vore full og falle på sjøen, men han hadde eit slag i hovudet. Personene som fekk ord på seg for å ha drepe vedkomande, tilstod aldri.

Tjuvaholet

Men dette Tjuvaholet kan vera lumsk for dei som skal gjennom sundet. Kring 1927 forliste Kristen P. Meling og Lars Nesse der med ei saltlast. Fartøyet fekk ikkje verre medfart enn at dei slepte det inn på ei vik, og dykkar var nede og tetta det. Fartyet flaut i mange år etterpå. Ingen har kome på at ein bør stengja Tjuvaholet.

Brømsund var ein utsett plass, og det var nok mange dagar sluskane ikkje kunne få gjort noko. Om det var noko dei fann på sjølv eller om handelsmannen i Sønstabøvågen stod bak (truleg det siste), nok var det, karane murte opp Varden som nok var medteken av vêr og vind.

Nyleg fekk eg høyra at karane også stod for oppmuringa av den støttemuren ein har på høgre handa nett før ein kjem til siste huset på Sønstabø når ein køyrer mot Hiskjo. Denne muren er freda, fortalde ein mann meg nyleg. So då ein bygde vegen, fekk ein ikkje nytta denne muren til fyllmasse.

I artikkelen sin fortel Torleif Meling også om eksersering. No kan det henda at ein ekserserte fleire plassar, i alle fall vart det eksersert vest for Meling skule i disse åra. Her reiste rekruttane ein stein som i nyare tid vart sendt til museet i Bergen. Kristen Olsen Meling som åtte grunnen der steinen stod, fekk ti kroner.

Når det gjeld restaureringa av Stornesvarden, må dette truleg ha vore ved århundreskiftet. Mykje er gått tapt avdi ingen skriv det ned.

I Sønstabøvågen dreiv ein også med utrusting av fartøy til Revet etter makrell. Handelsmannen i Sønstabøvågen, Berge Olsen Meling, hadde fleire farty i lag med brørne sine, Nils og Karl Meling. Desse deltok ikkje i sildefisket, og Arne Meling fortalde meg at dei hadde vinteropplaget sitt i ei vik vestanfor Thuesundsholmen. Det var «Oskar» og «Stanley» båtane heitte. Anders Stavland førte «Oskar». Disse hadde berre seilføring. Dorginga på Revet er òg eit kapittel som burde komma fram, men kjeldene er vel få. Så lukke til Torleif, og takk for den inspirerande artikkelen som det nok ligg mykje arbeid bak.

Hans Meling



Egil Bentzen:
Utsprengingen av Brømsundet

I Bømlo-nytt 5. ds. var det en interessant artikkel av Hans Meling om restaurering av Stornesvarden på Sønstabø. Han skriver der også noe om arbeidet med utsprengningen av sundet mellom Søre Brømsundsholmen og Melingsneset, uten at han kan tidfeste dette. Jeg kan komme med noen tilleggsopplysninger:

Arbeidet ble så langt jeg kan dokumentere utført sommeren og høsten 1882. Det har nok også vært benyttet noe lokal arbeidskraft i tillegg til innleid arbeidskraft annet steds ifra. Hans Meling skriver at gamlesmeden på Meling – Larsasmeden – var med og kvesste borene, men også min farfar Ole Bentsen Sønstabø var engasjert der. Det er  vel meget mulig at også andre fra lokalsamfunnet har deltatt. Opplysning om dette kan vel muligens skaffes rede på hos Statens Havnevesen. Min kilde er en håndskrevet attest jeg har, som min farfar fikk etter utført arbeid og den lyder slik: 

«Ole Bentsen Sønstabø har fra 15de juli til slut af october været arbeider ved Statens Havnevesens arbeider i Brømsund og han har i den tid opført sig flink og ordentlig.

Sønstabøvåg den 9/11 82
Th. Olsen
Bestyrer»

Hver sommer når vi er på ferie på Bømlo og passerer Brømsund kommenterer mine sønner: – Der var det oldefar var med og sprengte ut sundet.

Hans Meling skriver også om fartøyer som ble utrustet for makrellfisket på Revet. Min far, Bernt Bentzen, f. 1.7.1891 fortalte at han som ung gutt var med 2 sommere på makrelldorging på Revet. Han hadde ikke så mye å si utover at det skulle aldri vært tillatt å sende unge gutter på den slags fiske. Fingrene hans forble resten av livet lett krumbøyd på grunn av halingen av dorgene.

Med hilsen
Egil Bentzen


 616 total views,  2 views today