Hjeltholmen

Noko om namnet Hjeltholmen

Om du framleis er interessert, vil eg her drøfta namnet til Hjeltholmen.  Peter Hallaråker siterer Ole Andreas Selle når han skriv om holmen (Skjergardsnamn frå Bremnes, s 61): Hjeltaholmen ved innlaupet til Sønstabøvågen er noko lengre enn brei, svært flat oppå med bratte sider og skarpe kantar i overgangen. Etter form kunne han kanskje vere samanlikna med tverrstykket mellom handtaket og bladet på eit sverd, gno. hjalt … .

Eg er glad for at han skreiv «kunne han kanskje», for eg har svært lita tru på at nokon kan ha kome på å assosiera holmen med eit hjalt. Hjaltet sin funksjon er rett nok å parera fienden sitt hogg, slik Hjeltholmen parerer bølgjene som trugar leia innanfor, men då er me på metafornivå, noko eg  finn lite rimeleg.

Då er kanskje den andre hypotesen til namnegranskarane sterkare, at namnet kan ha med Hjaltland (Shetland) å gjera. Kan her til dømes ha vore ei lenkje mellom holmen og ein hjaltlending? Det verkar ikkje som om Hallaråker sine heimelsmenn – og Selle sine i 1948 – har hatt levande tradisjon om eit slikt samband å fortelja. Me har såleis lite å halda oss til, så eg forlet også denne hypotesen, sjølv om han ikkje kan utelukkast.

Skal eg prøva meg, så ser eg to andre moglege utvegar; den eine knytt til holmen sin næringsfunksjon, den andre til topografi.

Aller fyrst får me ha i mente at stadnamna som regel har hatt eit langt munnleg liv før dei fekk skriftleg form. Namnegjevaren sat ikkje ved eit skrivebord, men heller på ei tofte. Og so kan me spørja etter kvifor framlyden i namnet Hjeltholmen vert skriven med hj og ikkje gj, til dømes. Skrivepraksisen vil nok vera basert på ei tolking, enten ho er rimeleg eller ikkje.

Som næringsressurs er holmane, med få unntak, felleseige for gardbrukarane her vest. Dei har vore landfeste for notbruk, her har vore teke torv og lyng, og ikkje minst har dei vore nytta til beite for småfe.

Medan også utmarka var felles, før utskiftingane på 1800-talet, var grunneigarane samde om at sauer ikkje skulle gå på sommarbeite i utmarka, det var kyrne sitt privilegium. Om vinteren, medan kyrne stod på innefôring, gjekk sauene i marka, om sommaren vart dei sette ut på holmane, inkludert Strussøya. Bruka fordelte beiteretten etter landskyld. Dei mest aktuelle holmane var Svinøya, Komløyane og Longholmen i tillegg til Strussøya. Hjeltholmen må reknast som svært marginal i dette selskapet, men kan det tenkjast at han vart nytta til beite for gjeldfe – altså sau som gjekk utan lam? Om so var, kan namnet opphavleg ha vore Gjeldtholmen. Dette er den eine teorien min, den andre gjeld holmen sin geologi.

Sett frå tofta, legg me merke til at på nordvestre sida av øya har det funne stad ei vertikal forkasting der ein del av berget har glidd ned langs brotflata og danna ein avsats som kan ha gjeve holmen eit særkjenne.

Øvre kant av fallblokka dannar altså ein hjell – ifylgje Vidsteen «en Afsats i en Bjergside». Eitt problem med den nemninga er at i vårt målføre vil uttalen normalt vera jedl, i dialektlæra kalla segmentering. I samansette ord vil me likevel ofte finna at førsteleddet vert uttalt usegmentert (– til dømes fjellhydla). So vert neste spørsmål kor t-en i Hjelt kjem frå. Substantivet hjell har ei verbal avleiing å hjella (hos oss jeddla). Sjølv om dette er eit såkalla a-verb, har ofte talemålet sin eigen grammatikk, me kan ikkje sjå bort frå at partisippforma hjelt kan finnast i talemålstradisjonen.

Sjølv har eg mest tru på denne siste løysinga. Slik granneholmen er nemnd etter kløfta som deler holmen, har Hjeltholmen namn etter den karakteristiske forkastninga. Dette er kva eg har å tilføra om denne nemninga; eg får seia som Ibsen: Mit Kald er at spørge, ej at svare.

Loading