Når me var ute i mørke, stjernelause kveldar, såg me ofte i nord sveipet frå Slåtterøy fyr, og gjekk me opp i dei høgaste haugane, kunne me under låg himmel også sjå lyset frå Utsira i sørvest. Det var ikkje veglys den gongen og heimane var mindre opplyste, me trong lommelykt skulle me ferdast ute. Fyrlysa gav også landkrabbar ei kjensle av kor på kysten ein høyrde til.

Historiske sveip over Slåtterøy fyr

To blink kvar halve minutt er kva dei speidar etter, her dei kjem siglande på høgd med Selbjørnsfjorden sør i bergensleia. Men dei spør ikkje etter leia, deira ærend er sjølve fyret, det monumentale tårnet bolta fast i ditto granitt. Eldsjelene entrar den 150 år gamle fyrstasjonen, for fyrvaktarane er sende i land og kven skal ha tilsyn med herlegdommane då? 


Og havet stængte for det bur,
saa skjæbneroligt ødt og graat,
og paa de vilde klipper
gik livet knust i smaat.

Denne strofa frå diktet Færø av Jonas Lie finn me sitert straks me opnar dei hundreårige vaktjournalane til fyrmeister Schøyen ved Slåtterøy fyr. Sitatet uttrykkjer, i fyrforvaltaren si forståing, havet sin brutalitet overfor menneske som må leva i slike vêrbitne omgjevnader. I kopiboka frå 1905 kommenterer han dessutan diktaren sine ord slik: 

Han havde desværre ret, skjøndt han har vel ikke specielt tænkt på fyrfolk. Thi hvem tenker paa dem, deres arbeid, deres savn, deres mange forsagelser – og deres elendige tilværelse? 

Representativt eller ikkje for fyrarbeidarar flest, me konstaterer berre at synspunktet til Schøyen står i kontrast til ønskemåla til våre dagars fyrfolk, turistar på leit etter spennande stormdagar ved avfolka fyr. 

Fyrstasjonen, som i generasjonar har vore ein utfordrande og triviell arbeids- og buplass, er i dag blitt eksotisk reisemål for opplevingstørste menneske, gjerne i kraft av staden sin isolasjon. Og sant er det at havet ofte stengjer ”buret” på Slåtterøy, sjøen skal ikkje gå seg mykje opp før fyrstasjonen er utilgjengeleg. Såleis får ikkje turisten så lett realisert sine stormfulle fyrdraumar. 

Er ein først komen i land på Slåtterøy, får ein godt høve til nettopp å tenkja på fyrfolket, dei som budde og arbeidde her, eventuelt på deira ”savn” og ”forsagelser”.

Her levde fram til slutten av 1950-talet tre familiar i arbeid for fyrlys, familiær omsorg og matauk – eit eige lite samfunn. Under ein tur omkring på fyreigedommen, har kulturlandskapet mangt å fortelja om det. 

Terrasserte, små hagar i livd frå det salte vestavêret – rabarbraen held ut enno; lyngheia med skòrer etter uttak av brennetorv; åkerland og beite for stasjonen sine to kyr; skyljedammane for klesvasken; her strevde folket dagleg for si utkoma, og om natta handla det om å halda fyrlyset levande. Dei siste tiåra var det ikkje lenger  familieliv på fyret, mennene sat åleine att i sitt pendlartilvere. 

Å setja opp lys for sjøfarande var ei stor oppgåve for ein liten, fattig nasjon som Noreg, med lang og utfordrande kystlinje. Om arbeidet kom seint i gang, er det imponerande å sjå kva som frå siste halvdelen av1800-talet vart investert i fyrbygging, eitt døme er kystfyret på Slåtterøy. På 1850-talet var fyrtårn i støypejern den heitaste innovasjonen innan fyrbygginga, i 1859 fekk dermed Slåtterøy sitt. Prefabrikkerte jernsegment frå Bærums verk vart skrudde saman til eit 25 meter høgt landemerke ved Bømlo sin ytste utpost i nordvest, med 46 meters lyshøgd.

Riksantikvaren har også fått auga på dette landemerket. Han hevdar at Slåtterøy fyrstasjon er eit heilskapleg fyranlegg med stor miljøskapande verdi, difor har han freda stasjonen. Særleg peikar han på den 400 meter lange sjøvegen, kunstferdig bygd i granitt, kanskje det mest imponerande kulturminnet på staden. Vegen tek oss til naustet og lendinga på innsida av øya. Undervegs dit skjønar me truleg bakgrunnen for øya sitt namn. Me går over gammal slåttemark med stølsbu og løetuft med sine romantiske assosiasjonar til fordoms bondesamfunn.

Det var i si tid gjestgjevaren inne ved Brandasundet som selde ein parsell av Slåtterøya til fyrvesenet, søre delen nytta han sjølv til utslått. Framleis er det liv i den gamle handelsstaden ved sundet, og framleis beitar sauene ute på øya. 

Det er ikkje berre fyrhistorie som lokkar folk i land på Slåtterøy, her er vekslande natur – grasmark, lynghei, skulpturell granitt; fiskelukke og havet sitt mektige nærvær.

Den eigentlege fyralderen er over. Fyr vert ikkje lenger bygde, som hjelpemiddel for navigasjon er dei heller ikkje verdsette som før, og fyrvaktarane er fridde frå sin”elendige tilværelse”. Men fyrkulturen, derimot, er ikkje utan vind i segl; aldri har me sett så mykje fyrhistorisk litteratur i bokhandelen, knapt nokon metafor er flittigare brukt for tida enn ”fyrtårn” – i tallause samanhengar, og me ser den veksande fyrturismen.

Etter at fyrmeisteren låste av i 2003, vart ikkje bustaden på Slåtterøy ståande lenge folketom. Allereie våren etter fekk foreininga Venner av Slåtterøy fyr  tilgang til bygningane.Dei kom til ein velhalden stasjon der forfallet ikkje hadde fått sleppa til, og tilhøva låg godt til rette for å gjera bustaden allment tilgjengeleg.

Venneforeininga opplever stor pågang etter overnatting. Gjestene er opptekne av det fyrhistoriske og naturen, og mange interesserer seg for krigshendingane ved Slåtterøy under okkupasjonen. Sidan også fyra tidleg kom under fiendens kontroll, vart Slåtterøy fyr ved fleire høve sett under eld frå dei allierte si side, med tap av mennskeliv på begge sider. Dei materielle skadane etter krigen vart snart utbetra, berre den staselege, førsteordens Fresnel-linsa viser enno fram skotsåra, under sin stødige rotasjon. 

Kor lenge fyrlinsene skal få rotera, er kanskje neste problemstilling i den fyrhistoriske utviklinga her til lands – og deretter, kor lenge eldsjelene vil brenna.

tm Publisert i magasinet Salt nr 1, Ålesund 2010

Loading