Minne

Mimring i rundkøyringa

På veg ned Hollundsdalen – eller Hodlondsdalen slik talen er – mot rundkøyringa, kjem for mitt indre auga eit måleri med same utsnitt som det biletet frontruta no rammar inn. Eg ser vatnet og kyrkja, to tidlause aktørar i landskapet, speglande sine himlar. Tidlaus er derimot ikkje vegen, sanneleg  har han vakse seg stor og stram sidan onkel Per (Hollund) fanga sitt motiv for meir enn 60 år sidan.

Inst i kjosen møtest vegane, frå grendene nord- og sørom vatnet, og austanfrå. Hastige vegfarande som me er, tenkjer me ikkje so ofte på at i vegkrysset kunne folket samlast – eit sosialt forum til liks med krambua og mjølkerampen.

Den store køyregrinda talar det farne bondesamfunnet si sak. Framleis finst her folk som tente sin fyrste mynt som grindagut i brødbilen si teneste; ein tiørings kjøpekraft var ikkje å forakta. Og tett stod dei, grindene, mellom gardar og bruk, til gagn for bonden og plage for den køyrande – og for krøtera. Men snart skulle ferista koma til, og spolera næringsgrunnlaget for den unge lønstakaren. 

Og vegen då. Med ein friars framferd smeikjer han topografien, som eit einaste langt kjærteikn stryk han omsynsfullt om berg og res. 

Stabbesteinane er på post so ikkje kyrkjefylgjet skal koma på kanten. Om det glisne grensevernet makta å stansa ein ekvipasje med kurs for ura, kan me saktens lura på. Mimraren kjem i hug eige møte med stabbestein ein månekveld på rattslede i Vågabrekko; om det var lukke eller ulukke, skal vera usagt. «Me kløyver skallen på deg, du skal ikkje rusa utfor.» Det er skalden frå Ulvik som slik siterer stabbesteinane. 

Sjølvaste landevegen er det me snakkar om – ferdselsåre, leikeplass, idrettsarena og dansegolv – årleg forfriska av vegvaktaren si skrape og havfersk skjelsand. Ja, for det var vegvaktaren sin veg. No kallar han seg riksveg og har til fulle fått styrkt sitt ego. Han tek kveldssola til méd og so er det rakt ned dalen, her er ingen bøyg som byd han omveg. Ein framfusing er han, feiande unna slåttemark og hesjetraséar; ropar ut ei ny tid, ei tid for breie vegar og vide portar. 

Den gamle utløa heldt lenge stand, men no har også ho kapitulert, stod «i vegen» må veta. Forresten var ho vel for lengst fasa ut or driftsopplegget, i beste fall stod berre romantikken att; om kor mykje av den slags ho fekk å husa i seinkarrieren, kan ein lite veta. Her er elles ikkje stunder til å fantasera om slikt, det er tid for å blinka seg ut; Dagsrevyen ventar, grindaguten hastar heim.

tm mars 2012

Loading