Vasskjelder

Maurits fortel

Gamle vasskjelder på gardane Nordtun, Mehus og Sønstabø

104/1   Lars R Nordtun hadde ei kjelda attmed gangstien nord og nedforbi huset sitt, og ei hopakjelda i kanten av vegen opp til Skjolden. So hadde han ei fjøskjelda litt nord for løa og i tørketida hadde dei vatn i Kjeldedalen. Dei hadde òg god vatningsplass for kyrne om sommaren i Midtmyrstjødno.

Rasmus Nordtun laga seg ei kjelda utføre kjellardøra si, seinare hadde han drikkanskjelda i ein klove som grensa mot Lars Staveland.

104/2   Endre Ørjansen hadde vassrett i den før nemnde hopakjelda. Han støypte ein kumme atti løa si og nytta takvatnet der. Han var vel den første som hadde innlagt vatn. So kom Ørjan til og han laga kjelda i norde Tuehaugen, støypte lok over og la inn leidning derifrå og pumpa.

104/3   Fredrik Nordtun hadde ei kjelda mellom vegen og inngangsdøra si, og ei nord i seka, sør for Thomas Økland. Han hadde også ei tjørn attmed ein utefjos eller hønsahus rett aust for huset sitt. Trur òg han brukte den omtalte hopakjelda som ligg i søre enden av jorda hans. Det var også ei kjelda i Brudnadalsbekken.

Trygve Nordtun la vannslange frå Sletteidtjørna.

104/4   Ole Bentsen hadde kjelda litt austfor huset sitt. Han hadde også ei drikkanskjelda neri seka si mot Lars Nordtun. Det var ein godt eigna plass, med grus og aur i botnen.

104/5   Johan Mehus hadde fjoskjelda i ein klove aust for huset sitt. Drikkanskjelda låg i øvste kant i Sjøbuhòlo, derifrå la dei leidning og pumpa vatnet heim. So hadde han den bergsprekka utfor naustdøra si kor han kilte inn ei panelingsfjøl, og der dryppa garden sitt klåraste og kaldaste vatn. I tørkesomrar tok han kona og klesstampane med seg ut i Jeltholmen og vaska og skylde kleda i tjørna der.

104/6   Etter at Thomas Økland sette opp huset sitt, laga han til ei lita kjelda i hagen sin. Han sa ein gong at han hadde rett til å ta vatn i den nemnde kjelda i Brudnadalen.

105/1   Torbjørn Mehus – eller dei som var før han, men eg trur det var Torbjørn – hadde ei god kjelda i Mehushaugen. Der var det alltid godt vatn. Dei hadde også ei god kjelda aust for eplehagen sin. Ho kunne gjerne vera frå det gamle tunet der. Den gamle løa låg også der i nordre enden under Mehushaugen. Det var den kjelda dei brukte til å vatna smalen med,  i vilkårstida.

So kom Godtfred Polden til makta då etterpå, han støypte  vasskumme attmed løa og nytta takvatn frå den.

105/2   Ola Mehus saman med gardsfolk hadde rett til å ta vatn i Stornesbrunnen som låg nedforbi vegen, på nedsida av brekka til Torbjørn Mehus. Heime hadde Ola kjelda for drikkevatn neri kanten av seka si. Oppforbi der var det gjødsel frå fire jorder, så det var kje så bra, men han sjølv var nærmast og han gjødsla også. Me andre høyrde ikkje gjete.

Det var også ei kjelda i søraustre kanten av gravplassen. Bortforbi denne vart det sett ned to kummar som Jonas Nordtun og Hermann Mehus åtte. Dei la leidning og pumpa vatnet heim.

105/3   Hermann laga seg til ei kjelda oppi vestre kanten av skogen som no er felt. Sven Meling var litt av ein vassmann. Han kom med ei piska, og der i det tørre berget fann dei ut at han måtte skyta seg ned. Hermann fekk kjelda ferdig – det var vel nett etter krigen; han kjøpte trerøyr, banka dei saman, fekk vatn i kjelda og so vart det rennande vatn.

106/1   Berge Meling hadde kjelda i kanten av hagen sin, litt aust og oppfor huset sitt. So hadde dei fjøskjelda på seka nedfor der Torleif sitt hus står i dag, men so vart det til at dei støypte vasskumme. Det var Daniel Fylkesnes som stod for det, han vart alltid brukt der nede i Vågen. Hugsar eg ikkje feil, så skaut Arne Meling ut ei kjelda på Tømmerhaugen.

Så var det den gamle, gode Plassakjelda som låg oppe i Plassaseka. Til sist laga Sven Meling ei kjelda nedanfor Stornesvarden, på nordsida, og la inn vatn derifrå.

106/3   Kristian Staveland kom på han skulle komma nedi same vassåno som Torbjørn Mehus hadde i si kjelda. Han sette i gang lenger oppe i kloven i Mehushaugen, skaut og grov fram stein. Trur broren Anders var med han og arbeidde, men so gav han det opp. Seinare vart det støypt eit basseng ved skiftet til Godtfred Polden, der Håkon Staveland seinare bygde. Kristian hadde fjoskjelda i nord-vestre kanten av den gamle løa, nedfor vedhuset sitt. Sommaren 1933 og deromkring grov han eit hol under Lyngkjøl og der fekk fleire gå og skylja klede. Kristian var ein av oss fire som hadde kjelda saman nede ved Nils Sønstabø.

Lars Staveland laga ei kjelde nær grensa til Rasmus Nordtun, men so kom det kommunale vatnet til gards.

106/4   Mikal Sønstabø hadde ei god drikkandskjelda til høgre for vegen opp til den nye løa. Seinare vart det laga basseng i skiftet med Mehus utmark og lagt inn vatn til huset. Dei nytta også veita som kom vestante til ymse bruk. Fjoskjelda hadde dei attmed den gamle løa.

106/5   Mauritz Sønstabø. Me hadde ei lita drikkanskjelda i Steinshaugen, der var godt vatn. Den har eg sidan utvida, men då, etter krigen, fekk eg ikkje sement. Eg måtte gå over til hòlmur øvst oppe, og i dag kan ein sjå koss det ser ut. Me hadde ei fjoskjelda litt heimom gamlaløa. So var det hopakjelda nedmed Nils’n me måtte ty til. Eg har også vintersdag vore nord i Midttjødno eller Sevjedalstjødno og henta vatn, køyrde på isen.

So var det storverket mitt når det gjeld vasskjelder, det var kjelda i Kalvuro. Før den tid, når me køyrde forbi med hestane, så visste dei om dette litle vassholet med klårt, fint, kaldt vatn, og dei drakk lysteleg.

106/6   Magnus Sønstabø brukte hopakjelda hos Nils’n, i tillegg hadde dei ei lita kjelde, Hagakjelda, vestfor huset.

106/7   So har me Johannesane på Dalen. Dei hadde kjelda si ved bøgarden til utmarka vår. Johannes tok også opp ei kjelda litt nerforbi der, for å ha meir vatn i periodar. Dei brukte også veita som kom frå Kjeldedalen. Den kom då gjennom Skitnedalen, og der var sand, grus og aur i botnen. So på tampen laga Johannes seg eit basseng oppi marka vår og la inn rennande vatn, det vert brukt den dag i dag. Johannes brukte også litt trerøyr første gongen, men dei lak så han skifte dei ut etter ei stund.

106/8   Nils Sønstabø og sonen, Martin, brukte alltid hopakjelda som låg i sørvestre kanten av stykket deira.

106/9   Severin Svendsen hadde kjelda vest for huset sitt, og så brukte han vel vatn frå Mannaviketjørna i tørkeperiodar. Halvor Svendsen tok seg føre å grava ut ein klove oppe i marka, støypte basseng og la inn vatn.

106/12  Johan Sønstabø fekk lov av Ole Sønstabø til å laga seg eit basseng innpå han. Ole sjølv brukte hopakjelda.

 549 total views,  1 views today