Rakfangst

Maurits fortel

Rakaleiting

Eg har gått mange gonger sør med Sekkaleå, nattestider såvel som på dag, i vestavindstorm med regn og torden, kolande svarte natta med lommelykt for å sjå etter rak. Her vil eg fortelja om fire spennande turar.

DEN FØRSTE var på dagtid, eg kom sør i Kassavikjo. Der var det så mykje måse som fór og fauk, og pikka i noko neri stranda. Eg ner og der fekk eg sjå eit stort smørstykke, det stod Dansig på papiret som var rundt. Det hadde vore inni ei lita tønne, eller ein fjerding som dei kallar, men som no var knust. Eg prøvde å løfta det opp og bera det, men det var tungt, så eg velta det oppover og murte det godt inn og gjekk i frå det der. Eg var ikkje i strok, så det gjekk to dagar før eg tok kipa og gjekk sør og henta det. Det var ei god bør som kom vel med i dei daga. Måtte skjera vekk 5–10 cm rundt det for å komma inn på reint stoff, men då var det fint.

DEN ANDRE GONGEN var eg saman med Egil Bentzen ute og seilte ein fin søndag. Dette var om sommaren og me kom inn mellom Jeltholmen og Klyfterholmen. Der låg ein gummiballe og rek. Me fekk han inn i Vågen og i hus, han vog 104 kg. Far til Egil, som då var sekretær i Stavanger Indremisjon og godt kjend med Jonas Øglænd, tok den med seg og bytte den ut i 2 DBS-syklar som me fekk. Eg hugsar eg betalte 29 kroner i frakt. Dette har eg som eit svar på eit ønske frå eg var så stor at eg kunne sykla, at eg måtte finna ein sykkel på rak. Eg fekk på grunn av den sykkelen og freden som kom i 1945, den finaste turen eg har hatt i mi tid. Og så var det så fin sommar det året, og alt var lyst og fint.

TREDJE GONGEN var i 1954, dei første dagane i hummarfisket. Eg hadde vore i Mælandsvågen med slakt og på heimvegen over Svinøyosen blei eg var at Ole Sønstabø hadde nokre plankar i båten sin. Kom så inn i Vågen, der låg 4-5 plankar på kaien som Godtfred hadde funne. Då tenkte eg at her måtte eg vera vaken.

Då klokka var godt og vel stengetid i Vågen, kom eg på at eg måtte ha batteri og pæra for rakaturen eg skulle gjennomføra. Eg fortalde Arne kva eg skulle ha føre. Han lo og syntest det var tåpeleg. Men han lo ikkje dagen etter, då eg kom inn Vågen med slepet.

Same kvelden var det premiere på Shetlandsfilmen i gymnastikksalen på Meling, den måtte eg sjå. Der var folk frå Hiskjo med meir, dei frykta eg kunne ha fått nysn i eitkvart. Tankane mine mens eg sat der og høyrde og såg vindròsene i filmen, var vinden ute og plankane i vikane.

Eg kom meg heim i 11-tida, var tenkt å gå då, men Sigmund hadde sagt tidlegare på kvelden at faren ville ta seg ein rakatur då; kunne før gjera det enn å gå på film. Eg la meg, men tenkte på hesten, som hadde skada seg, og tørna ut i halv tretida for å sjå til han. Så bar det sørover. Det var ein veldig fart i lufta, med skyer og måneskin; han blæs godt. Fælte gjorde eg litt òg, før eg kom sør til sjøen.

Eg tok oppmed Sekkaleå og Sjursvikjo, frammed Sjurshaugen og sør igjennom Skarpanesgarden til Breiavikjo. Der fann eg fire plank, og i Skarpaneskloven fann eg også nokre. I Grunnapodl var det fleire. Då var eg blitt så varm og forkava, at eg måtte hiva skinntrøya. Så var det å springa over steinbrua ved Homrabrudn og komma sør til Stegavikjo, der fann eg 22 stk. i røys. Vidare til Kassavikjo, kor det var ei heil fengd.

No fór eg over til Otradalen og Otrahammaren i Storneset. Men der fann eg plankalad oppstabla oppe i myra. Deretter heim og få meg litt mat og seia ifrå meg, og tilbake for å plukka opp det som låg i ytste vikar og nes. Eg var veldig sliten og knemøyr etter denne spenninga. Men eg kom meg nå sør, og då kom Ørjansen inn i Kassavikjo på veg frå Svinøyno. Eg ropa til dei at no var dei for seine. I Sekk trefte eg Jonas med søner. Han meinte eg fekk dela med han, for eg kom kje til å få behalda så mykje. Deretter gjekk eg heim og fekk Georg Polden med motorbåten til å gå og henta fangsten. Noko tok me om bord og mesteparten slepte me etter oss. Det gjorde seg opp i 75 russiske plank.

Folk skrytte og lét vel når dei snakka med meg om kor svære greier dette var. Men saka var den at dei, berre på avund, fortalde at på Nese og andre stader hadde folk gjeve fangstane opp til lensmannen. Eg fekk høyra at nokon hadde meint at dette aldri skulle ha gått vel. Eg fortalde ein mann at lensmannen hadde vore hos meg i dag. – Ja, det var rett, meinte han, – du bala kje slik som ein annan mann her på garden. Men då eg sa det var på grunn av taksering av løa, blei det ein annan tone. Men han var no ærleg iallfall.

SÅ VAR DET DEN FJERDE GONGEN. Det hadde vore storstorm, sjøen gjekk høg, draget var stort og vinden la om til nordvest. Eg kom sør til Kassavikjo og der uti arbeidde draget med ein stor tømmerstokk. Eg laga meg til med eit tog eg hadde med meg, og etter ei stund kom han seilande innover med sjøen. Så fór draget ut og stokken låg på det tørre. Eg sprang ut og fekk tryneband på han og venta til draget kom tilbake og fekk han endå høgare. Etter to-tre oppgangar hadde eg stokken heilt oppe i vika, surra han fast og la heim etter meir tog, og tømmerhake å slå i han for å fortøya godt.

Då det vårast gjekk eg sør med båten, med jernstaur og slegge for å rydda veg for stokken, så eg ved høgvatn kunne få han på sjøen. Eg tok han på slep til Åreiddalen og dagen etter køyrde eg inn med traktoren og drog han opp til saga. Herifrå fekk eg med meg eit stort lass heim, det var vel tysdag i påskeveka. Materialane har eg i søre veggen i garasjen og i søre løevegg. 

 379 total views,  1 views today