Kyrkjevegane

Maurits fortel

Dei gamle kyrkjevegane

Eg kom til å tenkja på, mens eg sat her i stolen og naut den gode varmen frå kaminen, no nyttårsafta 1984, at eg vil noko attende i tid. Vil ta for meg dei gamle vegane som førte opp til bygdars.

I den tid kyrkja stod på Gåsland gjekk vegen antageleg nordforbi Mehushaugen og over Ørjans-bøen sameleis som me brukte å gå. Når ein kom so langt nord, vart vegen lagd vestaføre Kitlingeberget, i hagen til Tomas Økland og opp gjennom Milo. Han tok så av over myra til venstre over det øvste gjenlegget Finn Nordtun har i Bensa-marka. Kom so nord til Falkhytta, skiftesgarden vest for revagarden. Der står den eine grindastolpen av stein fremdeles oppreist i garden.

Kor vegen gjekk vidare nordover, veit eg ikkje sikkert, men han gjekk helst vestanfor Melingsvatnet, der ein kom inn i på same stien som melingarane brukte, og fortsette gjennom Nesmarka i retning av Hestvodl som ligg austanfor Bjødledalen. Der oppe ved Mannskapsbrua kom so nesarane inn på same tråkket, vidare bar det so oppover Søvodl, Habbastad og til Gåsland. Kyrkja stod der ein går opp til gravplassen.

Det høyrer også med til soga at det var folk frå gardane som etter tur og orden var pliktige til å henta presten på Finnås, om laurdagen når han skulle ha preika i Gåslandskyrkja. Då lende dei i Kråkestø, og presten overnatta på Mehus, som då låg under kyrkja. Måndagen var det so å føra han heim igjen.

Etter at den nye kyrkja var reist nede ved vatnet på Svortland, so vart kyrkjevegen lagd i ei anna lei. Då var det å ta den vanlege kjeldevegen forbi hopakjelda nede ved Nils’n, vidare nordover gjennom ei grind i Lars Nordtun sitt bøgjerde, austanfor løa hans og gjennom Australien, ein frukthage dei hadde der nede. Det var veldig fint og lunt der i hadlo, og so lukta det så god sevje av dei store grantrea som stod der; det var den einaste plassen me hadde grantre her ute. Vidare gjekk ferda opp Kjeldedalen og over til Sevjedalen, ein del av torvmarka til nordtunarane.

So gjekk vegen over skiftesgarden oppom Høgaberget i skiftet med Hallaråker, nordover frammed hadlo og over Lonene i øvste enden, vidare nord gjennom Hallaråkermarka til Møbrekkene kor melingarane kom inn på same stien. Hallaråkerane pleidde som regel ro til Svortlandssjøen. Vegen vidare gjekk frammed søre enden av Ulsvatnet, over ei tørr moldmyr som sidan vart oppdyrka av Karl Skålevik, han kalla henne Himmelriket. Deretter bar det opp Stavlandskleivane, der hadde dei kvileplass på nordgåande – i Møbrekkene på heimvegen.

Det er fortalt at mine oldeforeldre møttest der i Stavlandskleivo. Eg hugsar frå min barndom, så sant det var preik – det var vel tredjekvar helg, då fór Rasmus-Lars’n, Filippusen og Nils Sønstabø peisande etter kvarandre nord gjennom Kjeldedalen. Dei var oppsette i svarte dressar og svarte flosshattar, med paraply eller stav, som var godt å ha i dette terrenget.

Til prestegarden
Ungane som var komne so langt at dei skulle til presten for å lesa, kom frå Økland og Nese kvelden føre for å overnatta på Hallaråker eller Sønstabø. Då var det å gå til Kråkestø og ro til Finnåssjøen for å samlast på prestegarden. Resten av dagen strauk so med på heimvegen.

Til kyrkjegarden
Vegen til kyrkjegarden frå dei tre gardane her på vestsida gjekk med skøyta frå Sønstabøvågen til gravplassen på Fagervodl. Når gravfylgjet fór ut vågen, var det for dei ombord å vinka farvel med kvitt lommetørkle til dei som stod på kaien eller oppe i haugen, eller omvendt. So var det tilbake til ein god middag og ei minnestund, og kaffimåltid etterpå. Folk kledde seg i svart, seinare i tida bar dei pårørande eit svart bind på armen.

Loading