Jul

Maurits fortel

Julaminne frå  1984

I dag, på store julaftan, starta eg dagen med ein tur til Melingsvågen for å handla, og henta oljekleda mine der for å bruka dei på ein tur til Grønaneset etter julegrønt. Det er vel den mildaste førjulsvinteren me har hatt, og i dag var temperaturen nesten16 grader i Tafjord no i morgontimane, her er det 9; det ausregnar.

Eg går over dalen nerom Yspebrekkå der Jostein nettopp har lagt igjen bekken frå Magnusgjerdet til Nåvo, det andre har vore lagt igjen før. Så ber det opp i marka, innover forbi Porko og vidare frammed Midtstemmemyro der dei gamle har murt ein sti for kyrne og seg sjølve når dei har vore innover og henta torv frå torvhusa i Sølrusto.

Filippusen hadde torvhus i søraustre enden av myra. Det vert fortalt at han fann nokre bord på rak som han bar heim i kjellaren, men der heldt dei slikt rabalder at han bar dei ned på ei røys. Seinare vart dei brukte til sutak på dette torvhuset. Dette førte til litt fælsel når ein passerte her i seine kveldar. Sjølvsagt var det ovtru og oppspinn, men på den tida vart fantasien sett i sving, det var den tids underhaldning. Vårt torvhus var på vestsida og Elias sitt i sørenden. Gjennom vinterhalvåret var det å finna kipene og gå inn der kvar annan eller tredje dag og henta torv. 

Vidare kjem eg innover til Kvednabekken som kjem ned frå Apalemyra der murane etter kverna talar sitt språk. Det var i Ole Simonsen Mølstre si tid og det er fortalt om ein Søren Gabrielsen som var «møllebestyrer» i 1857. Sidan var det gardsfolket flest som nytta seg av henne. Der mol dei gamle kornet sitt seine, svarte hausten når flaumvatnet var på det meste. Dei demde opp tilsiget som kom frå Krokavatnet og området nedanfor slik at det vart ei stor demning i søre enden av Apalemyra. Her sleppte dei på vatn til kverna etter kva ho trong. Antageleg rodde dei kornet dit, men dei kvidde seg ikkje for å bera på ryggen heller.

Eg kjem ned til Symjevika og skal ta meg oppover berget, men stansar ved ein stor stein kor det er hogd inn ein kross, der går skiftet ner i sjøen mellom oss og Emil. Grønanesmyra står no tilplanta med fine graner der me før slo høy, fram til etter krigen. Me fekk 9–11 sekker halvrått høy som blei førde til Kråkestøsjøen og derifrå borne opp i myra for heimkjøring med hest. Det er fortalt at Knut-Ola’n, bessen min, pleidde slå nokre høystrå oppe i ein av dei høgaste haugane i Tongane; dei var veldig nytne den tid. I Grønaneset hadde me ein sau med lam på sommarbeite, og andre gonger hesten. Skogen eg har planta, er noko plaga av lus. Eg hentar meg grankvister, og beinved frå ein kristtorn som eg er redd for. Han byrjar gjera seg synleg i terrenget der inne no.

So kom eg heim, ordna med ved og olje og tok meg eit godt bad før eg slappa av framfor fjernsynet. To gutar kom på døra med blomar og gode helsingar; eg gav dei ein stor pose med julegodt. Middag og graut blei det ikkje noko av denne kvelden, men eg tok for meg brev og kort, og so presangane til slutt. Det blei overraskande ei dagbok med innlagd pengegåve frå arbeidsgjevaren. Til slutt var det midnattsmesse frå Peterskyrkja i Vatikanet, pave Paul II forretta. Det vart ut i dei små timar før eg kom til køys, klokka blei vel 4.

Loading