Torbjørn og Marie

Maurits fortel

Minne etter Torbjødn og Majo

Johanne Marie (1880–1968) var yngste dotter til Ystein Mehus (BB1/637), og ho vart den som overtok garden. Koss det hadde seg veit eg ikkje, men Torbjørn Tuen frå Os (1868–1953) var bror til kona åt smeden Ole Hallaråker i Melandsvågen. Han hadde vel vore på desse kantar og fått for øyra at på Mehus var det ei ledig jord. Til Mehus kom han og jenta fekk han på kjøpet. Det var fortalt at Hans Nordtun tok seg ein tur sør, og då dei spurde kva han ville, sa han at han ville no berre sør og sjå prinsen.

Torbjørn og Marie bygde på huset med ei ny stove og eitt rom attåt. Der i den nye stova var det alltid oppstelt, og så var det så fin tømra. Eg hugsar at når me kom forbi, så gjekk me bort til glaset for å sjå inn på den fine krystallampen som hang under taket. Dei bygde seg stor fin løa og jorda vart ordna og stelt. Dei var vel og dei fyrste som hadde karm på høysleden.

Dei var veldig glade i dyr. Når eg var nede på bøen, kunne eg ofte høyra Torbjødn når han var ute og gjekk. Var der eit lam, ku eller kalv; ein liten fugl eller katt, så hadde han alltid ein god samtale med dei. Han var makalaus slik. Torbjødn og Majo var gilde folk, og hjelpsame. Var det ein sau eller ei ku som feilte noko, så var det å henta Majo. Dei var ofte her hos oss og hjelpte i vidnene. Eg var eitt år med Torbjødn med hummarteiner, eg var med han med liner, og på Oddøy-grudnene og plukka sild. Han fekk lov å bruka naustet vårt.

Etter at dei kom på vilkår følgde arbeidslysta dei, dei tok unna eit lite stykke på heimebøen og laga seg hage. Så hadde dei noko av gamlaløa til høy og smalahus på alderdomen. Dei braut seg ein åker ute i ytste Storneset der dei hausta poteter. Det var i krigens tid så ein måtte streva litt for føderådene. Dette stykket murte Torbjødn inn med steingard, laga ein slags veg for å få køyrt møka sør. Han grov også ut ein klove og laga seg jordkjellar til å lagra poteter i. Så bygde han to hønsahus ute i same området, hit gjekk dei to gonger dagleg med hønsamat; hønsasand fann dei i bakken oppom Stornesvika. Ein gong dei kom sør i hønsahuset sitt, hadde dei fått ein ubeden gjest som hadde herja der. Torbjørn fekk tøkt minken med berre nevane og gjorde ende på han. 

Så var det ein vårdag under krigen, fortalde Majo, dei stod i åkeren og spadde. Då kom nokre tyskarar opp frå Stornesvika og gjorde geberder om at dei måtte grava seg derifrå. Dei og tyskarane nord gjennom høset og ner under Otradalshidlaren. Der blei dei gebrokkent bedne om å halda seg for øyro og ha open munn, for dei hadde nettopp lagt ladning på ei stor hornmina nede i vika. Men smellen blei med ladningen for mineammunisjonen gjekk ikkje av.

Torbjørn hadde vore i Amerika i sin ungdom, på fiske på Newfoundlands-bankane. Dei hadde eit moderskip som dei leverte fangsten til og doryar som dei fiska frå. Ein gong bar det slik til at dei i skodda kom bort frå moderskipet, dei rodde visst i fleire døger før dei kom til rettes. Han var to turar i Amerika. Ein av jobbane hans var på ein sauafarm i Montana. Eg kom på Torbjødn då eg reiste gjennom Montana i 1979, at her hadde han vore og kjempa for levemåten. Han var forresten veldig musikalsk og likte å høyra på musikk om det var ein sjangs, sjølv spela han munnspel. Han var flink å dansa og fortalde at på overfarten med amerikabåtane svinga han seg med andre reisande.

Gutungane i grannelaget hadde det med å gjera fant. Ein gong hadde dei lagt ein mink i teina til Torbjødn, men han flådde dyret og fekk sine pengar for det. Ein annan gong vart han so forarga at han sa – vart det herma etter han, at dei sønene til Mehus’n sku dei ha pikka håve åv, so så dei gjere med hanongane.

Eg hugsar ein gong, det var i fyrstninga det var komen radio til gards, at Majo hadde fått det for seg at ho ville høyra preika. Ho kom her og fekk Aliså og mammå med seg og ner i Vågen bar det med fylgjet; Majo føre med storaplagget over seg og salmebok i handa, Aliså, mammå og eg etter.

Torbjørn var spekulant, det var aksjar han var borti, men det gjekk dårleg. Det er fortalt at han var til Meland og kjøpte nokre aksjar straks før dei rauk. På heimvegen sa einkvan til han at dette var tvilsam forretning. Men då lét han på det at gjev eg hadde hundrede. Resultatet vart ei tung bør for dei. Aksjar kjøpte dei også i Blåfalla, men å leggja inn lys var kje tale om.

Marie var eit klokt menneske, og mest alle ting hadde ho rede på. Torbjørn var også god til å laga tresko, så det var eit pluss i hushaldninga. Dette var ein kunst han hadde med seg frå barndomsheimen. Han hadde ein bror som dreiv manufakturforretning i Bergen. Den er der nok framleis og kallast Tuen på Torget.

Ja, mange er dei gongene dei svinga seg over Kjølen og heilt sør i Storneset, i snø og vind og vatn. Men dei var seige i si ferd, og no er dei borte for lengst.

Her kan du lesa meir.

 663 total views,  2 views today