Kulturlandskap

Foto: Jan Rabben

Kulturhistorisk vandring ved Sønstabøvågen

I Kulturminneplanen for Bømlo (2020) er Sønstabø/Mehus omtala som eit viktig kulturlandskapsområde, turløypa nedanfor tek deg ut i delar av dette landskapet. Opphavleg var ho laga som eit ekskursjonsopplegg i geografi og historie ved Bømlo vidaregåande skule omkring tusenårsskiftet.

Lendet er oversiktleg og lett å ta seg fram i. Postane 3 til 9 ligg i Storneset, 10 til 19 i Litlaneset. Vil du gå heile løypa, er post 14, Gullkronevikjå, høveleg rasteplass.
Bilen kan du setja frå deg framfor kommunekaien nede i vågen.

Ver gild å ta omsyn til beitedyr i marka – halda hunden i band og lata att grindene.
I hekketida er det fint om du også har omtanke for fuglelivet, ærfugl og måse bur her.

God tur!

tm20.02.21

TIL TURLØYPA

 843 total views,  1 views today