Kulturhistorisk vandring 1

Den gamle handelsstaden

Krambua kalla me butikken, me som vaks opp dei fyrste tiåra etter krigen. Me hugsar eit samfunn der det var daglegvarehandel i mange av vågane rundt om på Bømlo. Vågen var lokalt senter for gardane i området. At senteret låg ved sjøen, hadde naturlegvis bakgrunn i at skipsleia frå gamalt var einaste ferdselsvegen. Alle desse krambuene er borte no, vågane ligg avsides når det gjeld handel og kommunikasjon.

Fleire av handelsstadene var også stoppestad for rutebåten, dampen, som frakta folk og varer mellom Bergen og Haugesund. Fram til 1970-talet trafikkerte Haugesunds Dampskipsselskap den ytre leia opp til Bergen. Ruteskipa Stolmen, Landanes og Tonjer var daglege syn for oss her vest, når dei stampa seg framom Brømsund. Rett nok var ingen av desse fartøya dampskip, men nemninga hang att etter forgjengarane deira. Også når det gjeld samferdsle har mønsteret endra seg sidan den gongen, ingen rutebåt legg opp sjø langs landet no lenger.

Denne skildringa gjev eit bilete frå sist på 1900-talet, korleis var så tilhøva om me dreg lenger attende i tida?

Den privilegerte handels- og gjestgjevarstaden
– er ei nemning knytt til handelsordninga her til lands frå 1600-talet og utetter. All handel skulle gå føre seg i byane, byborgarar hadde einerett til å driva slik næring. Bøndene her måtte difor til Bergen om dei skulle selja eller kjøpa noko ut over det dei kunne byta med grannen. Denne ordninga vart etter kvart letta på ved at kjøpmenn fekk høve til å etablera handelsstader ute på landsbygda, gjerne med folk frå lokalmiljøet som styrarar. Særleg ute ved kysten fanst mange slike “kræmmerlejer” av di bykjøpmennene fann fiskeria økonomisk interessante. Langs vestsida av Bømlo ligg fleire slike gamle handelsstader med tradisjonar tilbake til 1600-talet: Espevær, Hiskholmen, Sønstabøvåg, Øklandsvåg og Brandasund.

I 1842 kom ei ny lov som liberaliserte handelen på landsbygda. No kunne landsens folk sjølve starta med handel, og utetter siste halvdelen av 1800-talet etablerte mange nye kjøpmenn seg rundt om i prestegjeldet.

Eldre enn handelsstaden er forresten gjestgjevarstaden. Heilt tilbake til middelalderen fanst ei ordning om at det på faste plassar langs leia skulle vera høve for ferdafolk å få seg husrom, mat, øl og andre nødvendige varer. Dei handelsstadene som er nemnde ovanfor, hadde truleg bakgrunn som gjestgjevarstad før det kom handelsnæring i vidare forstand på staden.

Sønstabøvågen
Den eldste dokumentasjonen for handelsverksemd her i vågen, skriv seg frå 1677. Det er ei skriftleg klage frå gjestgjevaren over at folk på staden går han i næringa ved at dei driv med ulovleg sal av tobakk. Eit dokument frå 1707 seier at det har vore handel i Sønstabøvågen i over 40 år, då er me tilbake til 1660-talet.

Av dei eldste gjestgjevarane i vågen høver det her å nemna to, Ole Eriksen Habbestad, som dreiv staden frå 1775 til 1823, og Ole Simonsen Mølstre frå 1838 til -93. Under desse to driftige kremmarane opplevde Sønstabøvågen si stordomstid som handelsstad.

Ole Mølstre dreiv stort sildesalteri og eksporterte på eigne fartøy; her var bøkkerverkstad og tilreisande arbeidsfolk frå mange kantar av landet. Han var ein av dei få handelsmennene i prestegjeldet som unngjekk konkurs då silda vart borte omkring 1870, og konjunkturane skranta.

Etter Mølstre kjøpte Berge Olsen Meling handelsstaden og etter han overtok sonen Arne; i 1978 låste han krambudøra, og ein tre-hundreårig handelstradisjon i Sønstabøvågen var til endes.


Meir å lesa

Loading