Kristian fortel 9

Orkanen

Det går ikkje an å skriva om Sønstabø på femtitalet utan å ta med «orkanen». For min generasjon og dei som er att av den førre, er dette eit fast referansepunkt knytt til 15. januar 1952. Dette var før uvêr fekk namn. Mor vaska klede på føremiddagen den dagen. Vinden auka på etter kvart, og ho var redd for at det skulle blåsa av takpanner som kunne treffa henne når ho gjekk mellom kjellaren og inngangsdøra for å kunna skjøtta fleire oppgåver på same tid. Me budde då i andre etasje. Eg var den einaste av oss tre søsken som gjekk på skulen, i første klasse, men hadde fri den dagen ettersom me berre gjekk annankvar dag. Yngstemann, Håkon, var vel eitt år, og mor var ofte oppom for å sjå etter oss og etter kvart koka middag. 

Me hadde for ei tid sidan fått innlagt vatn i kjellaren frå overflatevasskjelda far hadde laga sør for huset, på grensa til Gotfreden. Ho var stemt opp med ein solid betongdemning i fronten og var open, men inngjerda på ein sikker måte. Eg stod i glaset og såg på brønnen, og registrerte at for første gong spruta vatnet over kanten og bortover i hagen. Brått kom ei stor bylgjeblikkplate fykande gjennom lufta, flaug mellom huset og Mehushaugen før ho køyrde seg fast og vart ståande i bakken nedanfor der løa står i dag. Plata kom frå hønsehuset til Helga på Mehus. 

Alle mannfolka hadde reist på storsildfisket, utanom Martin, som reiste som tømmermann i utanriksfart, men var då heime frå sjøen. Me sat og åt middag i stova (– veit ikkje kvifor kjøkkenet ikkje vart nytta den dagen) då me såg Martin komma strevande mot vinden med ein kjempestor taukveil over skuldra. Eg ser enno for meg at han gjekk framoverbøygd i 45 graders vinkel for ikkje å verta kasta bakover. Han gjekk til huset til Knut-Annå. Oppdraget hans var å festa det kraftige tauet over mønet på huset og forankra det godt på begge sider. Grunnen var at Annå hadde sett taket letta seg slik at ho kunne sjå open himmel mellom tak og vegg og hadde søkt hjelp hos Martin. Huset vart ståande. Så godt gjekk det ikkje med Magnus-løa. Plutseleg knakk mønsåsen på midten, og dei to endeveggene fall saman innover slik at det såg ut som løa hadde flatt tak. Utedoen på sørsida av låven vart også teken av vinden. Fram til ny vart bygd ei god stund seinare, kunne alle som ville sjå Magnus sitja på dobenken, som orkanen hadde spart, utan noko form for livd eller skjerming. 

Huset vårt var høgt, og vinden tok så sterkt i at me kjente det rista. Pannene fauk av taket så det var uråd å gå utfor døra. Plutseleg kom det eit brak, og me skjøna at vindauget i søre loftsenden var knust. No var det krise. Med vinden rett på, var faren stor for at taket skulle letta. Farmor tok meg med opp den bratte trappa til det den gong uinnreidde loftet, og mor kom etter. Mor ville at me helst evakuerte ned i første etasje ettersom ho trudde taket ville fara. Ho var livande redd for oss som prøvde å dra den store amerikatrunken framfor glaset, men kom opp og hjelpte til. Det var berre den store midtruta som var knust, og med hjelp av ei bordklaff og ytterklede som hang på loftet, fekk me stengt vinden ute, og den akutte krisa var over. 


Nina 2015 – I 1952 var floa ein god del høgare. Foto: Odd Viken

Etter kontortid kom tante Kirsten heim frå Vågen. Ho kunne fortelja at sjøen gjekk mest opp til hovudhuset. Vatnet sto over døra på naustet vårt, og ho meinte det ikkje ville gå lenge før det for på sjøen. Men, naustet vart ståande. Sønstabøvågen er ei uvan- leg trygg hamn med tre smale sund der tidevatnet må passera ut og inn. Dermed bryt ingen bølgjer mot nausta, og sjølv med ekstremflo stig og fell vatnet utan sterkt drag. Likevel fór dei gamle notbuene på Ingebriktsneset. 

Verre gjekk det i Sekk. Der vart nausta til morfar og Mikalen tekne av draget og ført på sjøen. Ein av færingane i eitt av nausta vart spylt på land og vart liggjande på jordet til Emil ved sida av den opne veita, halvvegs til brua der vegen no går bort til Jostein på Dalen. 

Når nokon i min generasjon den dag i dag snakkar om «orkanen», er det denne dagen det vert referert til. 

Loading